Råoljemotor, tungoljemotor, eller oljemotor, er ein forbrenningsmotor som nyttar råolje som drivstoff. Omgrepet vert stort sett berre nytta om stempelmotor med så lågt kompresjon at drivstoffet ikkje sjølvtenner. Slike motorar vert ikkje produserte lengre, så dei er berre av historisk interesse.

Atlas glødehovud råoljemotor.

Ulike drivstofftypar endre

Mange av dei tidlege råoljemotorane kunne nytta fleire ulike typar drivstoff, som parafin, lampeolje, tran og ulike typar planteolje [1]. Råoljemotrar var difor multidrivstoffmotorar. Det som kjenneteikna dei ulike typane drivstoff som vart nytta var at dei ikkje fordampa lett nok til at dei kunne nyttast i forgassarmotorar. Desse oljetypane vart difor ofte omtala som tungolje, eller råolje.

Grunnen til at det vart utvikla råoljemotorar var at tungolje var mykje billigare enn bensin. Dette førte til at råoljemotorane kunne nyttast til oppgåver der bensinmotorane ikkje var økonomiske. Mange råoljemotorar var stasjonærmotorar som vart nytta innan jordbruket for å driva treskeverk, mylner og andre maskinar. At tungolje var mindre brannfarleg enn bensin og dampmaskinar var difor eit godt salsargument.

Meir enn ein type endre

På slutten av 1800-talet var det utvikla mange forskjellige typar råoljemotorar[1], som glødehovudmotorar, gløderørmotorar (som begge nytta overflatetenning) og i ein periode Hesselmanmotorar (som nytta elektrisk tenning). Mange tyske og franske føretak produserte både ein bensin- og ein råoljeversjon av motorane sine [1]. Men det var glødehovudmotorane som synte seg å vera den enklaste og mest driftssikre typen og som difor etter kvart utkonkurrerte dei andre tungoljemotortypane. Det vart produsert glødehovud båtmotorar til langt inn på 1960-talet[treng kjelde].

Parafinmotorar, som er forgassarmotorar med forvarming av drivstoffet, kan sjåast på som ein mellomting mellom dei eigentlege råoljemotorane (som kunne nytta ulike typar drivstoff) og forgassarmotorane, som nyttar lettfordampelege drivstoff som bensin. Etter som dei har forgassarar av same type som bensinmotorar og ikkje kan nytta alle slags tungolje vert dei ikkje rekna som råoljemotorar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Cummins, C.L., Internal fire, 3. utg., Carnot Press, 2000.

Sjå òg endre