Róbert Vittek

slovakisk fotballspelar

Róbert Vittek (fødd 1. april 1982) er ein slovakisk fotballspelar som for tida spelar for den tyrkiske klubben MKE Ankaragücü.

Róbert Vittek
Personleg informasjon
Fullt namn Róbert Vittek
Fødd 1. april 1982 (42 år)
Fødestad Bratislava i Tsjekkoslovakia
Høgd 187 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Ankaragücü
Nummer 11
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2003
2003-2008
2008-2010
2010-
Slovan Bratislava
Tyskland 1. FC Nürnberg
Frankrike Lille OSC
Tyrkia Ankaragücü
101 (47)
124 (36)
38 (7)
15 (5)
Landslag
2001- Slovakia 75 (23)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 4. september 2010

Karriere endre

Vittek starta karrieren sin i heimklubben Slovan Bratislava i 1999. I 2003 gjekk han over til 1. FC Nürnberg, som på den tida låg i andre divisjon i den tyske Bundesligaen, men som rykte opp til 1. divisjon (og øvste divisjon) i 2004/05-sesongen. I Nürnberg hadde Vittek litt varierande prestasjonar, men i andre halvdel av 05/06-sesongen spela han så bra at fleire internasjonale klubbar vart interesserte i han. Til slutt skifte han til franske Lille OSC i 2008. Den fyrste februar 2010 forlét Vittek Lille og signerte ein halvtårs låneavtale med tyrkiske MKE Ankaragücü. Seinare same året kjøpte Ankaragücü overføringsbeløpet frå Lille, og Vittek spelar framleis for den tyrkiske klubben.

Vittek har også spela på det slovakiske landslaget sidan 2001. Under fotball-VM 2010 i Sør-Afrika vart Vittek Slovakia sin toppscorar med til saman fire mål. Slovakia vart slått ut av Nederland i ein åttandedelsfinale i denne meisterskapen.

Kjelder endre