Røstlandet er den største øyaRøst i Nordland. Øya er flat og graskledd, med mykje myr og det høgaste punktet er berre 11 moh. Øya har eit areal på 3,6 km². Dei fleste av innbyggjarane på Røst bur på Røstlandet.

Røstlandet
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 67°30′26″N 12°03′04″E / 67.50722°N 12.05111°E / 67.50722; 12.05111

Areal 3,6 km²

Høgaste punkt 11 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 343 (2005)
Folketettleik 95 /km²

Eit område vest på øya er verna som naturreservat. Nord på øya ligg Røst lufthamn.

Røstlandet er òg namnet på tettstaden og administrasjonssenteret på Røst. Tettstaden hadde 343 innbyggjarar i 2005.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.