Radio-Activity
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk, engelsk
Utgjeve Oktober 1975
Innspelt Kling Klang Studio - Düsseldorf i Tyskland
Sjanger Elektronisk, eksperimentell
Lengd 37:38
Selskap Kling Klang
EMI
Capitol
Produsent Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
Autobahn
(1974)
Radio-Activity Trans-Europe Express
(1977)
Singlar frå Radio-Activity
  1. «Radioactivity» med B-sida «Antenna»
    Utgjeve: 1976, Capitol CL15853, UK
  2. «Radioaktivität» med B-sida «Antenne»
    Utgjeve: 1976, Kling Klang 1C00682119, Tyskland

Radio-Activity (tysk tittel: Radio-Aktivität) er det femte studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, som kom ut i oktober 1975. Den engelske og tyske utgåva er identiske utanom titlane, og begge har tekstar på begge språk. Albumet er eit konseptalbum.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Q4/5 stars[2]
Mojo4/5 stars[3]
Uncut4/5 stars[4]
Rolling Stonenot rated[5]
Drowned in Sound8/10 stars[6]

Bakgrunn endre

Tittelen på albumet er eit ordspel som syner til radioaktivitet og aktivitet på radio. Fleire ordspel finst i songtitlane, som «Ohm Sweet Ohm» og «Radio Stars», som kan syne til popstjerner, medan teksten omhandlar kvasarar og pulsarar.

Dette var det første Kraftwerk-albumet som vart produsert av Hütter & Schneider aleine i Kling Klang studio, og det første som vart spelt inn med den «klassiske» besetninga med Hütter/Schneider/Bartos/Flür. All musikken vart skriven av Hütter/Schneider, medan Emil Schult samarbeidde på tekstane. Schult designa òg plateomslaget, ei modifisert utgåve av illustrasjonen for 'Deutscher Kleinempfänger' frå slutten av 1930-åra.

Det var det første Kraftwerkalbumet som nytta bruk av Vako Orchestron (kor, strykarar og orgellydar), som gruppa hadde kjøpt under den nylege amerikanske Autobahn-turneen og Moog Micromoog som vart mykje nytta på dette albumet. Mellom anna skapar det dei skurrande lydane på «Antenna». Det sjølvbygde elektroniske perkusjonsinstrumentet vert òg mykje nytta på albumet, og det same vart ein vocoder. Dei nytta òg dei vanlege synthesizerane (som Minimoog og ARP Odyssey), og Hütter sitt Farfisa elektroniske piano vart nytta på «Transistor». For første gongen på eit album nytta ikkje gruppa fløyte, fiolin eller gitarar.

I 1975 hadde den tidlegare distribusjonsavtalen til Hütter og Schneider med Capriccio Music og Star Musik Studio i Hamburg gått ut. Komposisjonane på Radio-Activity vart publiserte på deira eige selskap, Kling Klang Verlag, som gav dei større økonomisk kontroll over songane dei skreiv. Albumet var òg det første gjeve ut med distribusjonsavtale hos EMI. Albumet nådde 59. plass i Canada i februar 1976.

Tittelsporet «Radioactivity» vart gjeve ut som singel, og vart ein hitt i Frankrike eter at han vart nytta som kjenningsmelodi til eit populært musikkshow. Songen vart sidan spelt inn på ny av Kraftwerk for albumet deira The Mix i 1991. Han vart ytterlegare miksa for ei singleutgjeving av William Orbit og François Kevorkian.

Innhald endre

All tekst er skriven av Hütter/Schneider/Schult; all musikk er komponert av Hütter/Schneider.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Geiger Counter» (Geigerzähler)1:07
2.«Radioactivity» (Radioaktivität)6:42
3.«Radioland»5:50
4.«Airwaves» (Ätherwellen)4:40
5.«Intermission» (Sendepause)0:39
6.«News» (Nachrichten)1:17
Side to
Nr.TittelLengd
7.«The Voice of Energy» (Die Stimme der Energie)0:55
8.«Antenna» (Antenne)3:43
9.«Radio Stars» (Radio Sterne)3:35
10.«Uranium» (Uran)1:26
11.«Transistor»2:15
12.«Ohm Sweet Ohm»5:39

Medverkande endre

[7]

Kjelder endre

  1. Ankeny, Jason (2011 [last update]). «Radio-Activity - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. mars 2013. 
  2. Musikkmagasinet Q (p.116) - 4 stars out of 5 -- «[A] conceptual piece that diverted Kraftwerk's music into monochrome retro-futurism..."
  3. Snow, Mat (November, 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  4. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk - Reissues». Uncut. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. Henta October 22, 2009. 
  5. Ward, Ed (2011 [last update]). «Kraftwerk: Radio-Activity : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 13. februar 2009. Henta 24. mars 2013. 
  6. Power, Chris (2011 [last update]). «Kraftwerk - Radio-Activity: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». drownedinsound.com. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 24. mars 2013. 
  7. (2009) Plateomslagstekst for Radio-Activity (Digital Remaster) av Kraftwerk [CD]. Great Britain: Mute Records (CDSTUMM304).

}}