Radovan Karadžić

Radovan Karadžić (fødd 19. juni 1945) er ein bosnisk-serbisk nasjonalist tiltalt for brotsverk mot menneskja som fann stad under Bosniakrigen. Karadžić er utdanna psykiater og har gjeve ut fleire diktsamlingar. Karadžić var leiar for serbarane i Bosnia-Hercegovina under Bosniakrigen (1992–1995), som president i den sjølvoppnemnde Republika Srpska frå 1992 til 1996 og skipar av nasjonalistpartiet Det serbiske demokratiske partiet (SDS).

Radovan Karadžić

FøddРадован Караџић
19. juni 1945 (78 år)
Petnjica
Statsborgar avBosnia-Hercegovina
PartiJugoslavias kommunistforbund
Yrkepolitikar, lyrikar, psykiater
Utdanna vedUniversitetet i Sarajevo
Columbia University College of Physicians and Surgeons
EktefelleLjiljana Zelen Karadžić
BarnSonja Karadžić-Jovičević
Alle verv
  • President of Republika Srpska (1992–1996) Sjå dette på Wikidata
Serbisk unggut med T-skjorte med bilde av dei serbiske ettersøkte krigsforbrytarane Radovan Karadžić og Ratko Mladić med påskrifta Српски хероји ('serbiske heltar')

I 1995 vart han sikta for krigsbrotsverk, etnisk reinsing og brotsverk mot menneskja av Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia, og det vart kunngjort ein internasjonal arrestordre på Karadžić. Han vart heldt ansvarleg for massakren i Srebrenica og den langvarige kringsetjinga av Sarajevo (1992–1996) som kosta fleire tusen menneske livet.

Karadžić gjekk under jorda i 1997, og vart gripen i Beograd den 18. juli 2008. Han vart dømd til livsvarig fengsel for folkemord, brotsverk mot menneskja og krigsbrotsverk.

Tidleg liv endre

Radovan Karadžić vart fødd i Petnjica nær Šavnik i Montenegro, den gongen ein del av Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia (SFRY). Familien var ein del av Serberklanen Drobnjaci. Faren hans, Vuko var medlem av tsjetnikane – hæren til det okkuperte Kongeriket Jugoslavia under andre verdskrigen.[1] Faren vart sett i fengsel av kommunistregimet som regjerte over Jugoslavia etter andre verdskrigen, og sat der store delar av barndomen til Radovan. Karadžić flytta til Sarajevo i Jugoslavia i 1960 for å studera psykiatri ved Sarajevo University School of Medicine. Han studerte nevrose, og depresjon ved Næstved sjukehus i Danmark i 1970, og heldt fram med studiane sine ved Columbia University i New York.[2] Etter at han fór tilbake til Jugoslavia, yrkte han på Koševo sjukehus. Han skreiv også nasjonalistiske dikt, inspirert av den serbiske skribenten Dobrica Ćosić, som oppmuntra han til å gå inn i politikken.

Økonomiske lovbrot endre

I byrjinga av 1983 flytta Karadžić til Beograd der han byrja å yrkja på eit sjukehus i Beograd-forstaden Vozdovac. Familien ville ikkje flytta frå Sarajevo, så Karadžić måtte pendla. Den 1. november 1984 vart Karadžić arrestert og tiltalt for å ha misbrukt pengane til sjukehuset. Pengane vart brukt til bygging av eit fritidshus i den bosniske byen Pale i nærleiken av Sarajevo. Etter 11 månader i fengsel slapp han ut på grunn av mangel på prov.

Kort etter reiste også domstolen i Sarajevo ein annan tiltale mot Karadžić for misbruk av pengar. Den 26. september 1985 vart han dømd til 3 års fengsel for underslag av statlege middel.[3]

Bosniakrigen endre

I 1990 tok han del i grunnlegginga av Det serbiske demokratiske partiet (SDS).[4] I 1992 vart han valt til president i den serbiske utbrytarstaten Republika Srpska. Med støtte frå Serbia leia Karadžić bosnisk-serbiske styrkar i kampen mot bosnjakar og kroatar i Bosniakrigen frå 1992 til 1995.[4] Dei bosnisk-serbiske styrkane omleira Sarajevo og kasta bosnjakar og kroatar ut frå heimane sine, noko som vert skildra som ei etnisk reinsing.[4] I juli 1995 vart over 8 000 bosnjakar drepne i Srebrenica-massakren.[5] Som president var Karadžić øvstkommanderande for dei væpna styrkane til Republika Srpska.[6]

I juli 1995 vart han sikta for folkemord av Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.[7]

Før han gjekk under jorda i 1997, fekk Karadžić teke ut 36 millionar tyske mark frå sentralbanken i Republika Srpska (om lag 144 millionar norske 1997-kroner).[a] Etter pågripinga i 2008 risikerte han difor i tillegg tiltale for bedrageri.[8][daud lenkje]

Tiltale og rettssak endre

 
Karadžić i retten i Haag i 2016.

Ettersøkt endre

Karadžić vart klandra for å ha gjeve ordrar om etnisk reinsing av bosniske kroatar og bosnjakar. I 1996 vart han ettersøkt av Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.[9] Karadžić vart sikta for å stå bak Srebrenica-massakren, der over 8 000 muslimar vart drepne. Srebrenica-massakren vert rekna som det største folkemordet i Europa etter andre verdskrigen.[10] Han vart òg sikta for folkemord i laupet av den 43 månader lange kringsetjinga av Sarajevo, som kosta 12 000 menneskeliv.[10]

Pågripinga endre

Karadžić vart gripen den 21. juli 2008 i Serbia av serbiske tryggingsstyrkar.[11] Han levde då i ein leigebustad i den serbiske hovudstaden under namnet «dr. Dragan David Dabić», skjult med eit stort skjegg og verka som alternativ medisinar.[12] Den 30. juli 2008 vart han floge frå Serbia til Nederland, der han vart utlevert til krigsforbrytartribunalet i Haag. Karadžić vart sett i krigsforbrytarfengselet til FN i Scheveningen medan han venta på at rettssaka skulle byrja mot han.

Dom endre

Den 24. mars 2016 var domen klar.[13] Karadžić vart funne skuldig i ti av tiltalepunkta som galdt folkemord, brotsverk mot menneskja og krigsbrotsverk, inkludert punkta som galdt folkemordet i Srebrenica og kringsetjinga av Sarajevo. Han vart frikjend på eitt tiltalepunkt.[14][15] Det galdt det andre tiltalepunktet om folkemord, som handla om drap i andre kommunar, der tribunalet ikkje fann tilstrekkelege prov for å døma han.[16] Han vart dømd til 40 års fengsel.[17] Domen vart anka av advokaten til Karadžić og påtalemakta.[15][18] Etter ankehandsaminga avviste retten anken frå Karadžić, bortsett frå på eitt punkt. I mars 2019 vart straffa skjerpa til livsvarig fengsel.[19][20] Denne domen var endeleg og rettskraftig utan mogleik for vidare anke.[21] Karadžić bad likevel domstolen om å vurdera straffeutmålinga og endra livstidsdomen.[22]

Bibliografi endre

  • 1990: Crna bajka (Svjetlost, Sarajevo)
  • 1992: Rat u Bosni: kako je počelo
  • 1994: Ima čuda, nema čuda
  • 2001: Od Ludog koplja do Crne bajke (Dobrica knjiga, Novi Sad)
  • 2004: Čudesna hronika noći (IGAM, Beograd)
  • 2005: Pod levu sisu veka (Književna zajednica "Veljko Vidaković", Niš)

Merknader endre

  1. Gjennomsnittleg vekslingskurs mellom DM og NOK i 1997 var 4,08363

Kjelder endre

  1. Rauch, R. (11. juli 2023). Radovan Karadžić. Encyclopedia Britannica.
  2. «Karadzic: Psychiatrist-turned 'Butcher of Bosnia'». CNN. 22. juli 2008. Henta 23. juli 2008. 
  3. «Radovan Karadzic pågrepet». BETA. 22. juli 2008. Arkivert frå originalen 23. juli 2008. Henta 22. juli 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Radovan Karadzic: Former Bosnian Serb leader», BBC News. Henta 24. mars 2016.
  5. «Radovan Karadžić faces verdicts in war crimes trial at The Hague», The Guardian. Henta 24. mars 2016.
  6. Case information sheet, Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.
  7. «Timeline of the Karadžić case», Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia. Henta 24. mars 2016.
  8. «Gemyttlig tone venter Karadzic». www.siste.no. Henta 24. mars 2016. 
  9. «Trial Chamber issues international arrest warrants against Karadzic and Mladic and rebukes Federal Republic of Yugoslavia and Republika Srpska for failing to arrest them», Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia. Henta 24. mars 2016.
  10. 10,0 10,1 «Radovan Karadzic pågrepet». Aftenposten. 21. juli 2008. Henta 22. juli 2008. 
  11. «Radovan Karadzic tatt i Serbia», Dagbladet, 21. juli 2008.
  12. «Alternativ krigsforbryter-medisin på Karadzics hjemmeside». VG. Henta 24. mars 2016. 
  13. «Tribunal convicts Radovan Karadžić for crimes in Bosnia and Herzegovina», Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia. Henta 24. mars 2016.
  14. «Tribunal convicts Radovan Karadžić for crimes in Bosnia and Herzegovina» (PDF) (på engelsk). ICTY. 24. mars 2016. Henta 24. mars 2016. 
  15. 15,0 15,1 NRK. «Karadzic får dom». NRK. Henta 31. mars 2016. 
  16. «Karadzic skyldig i folkemordet i Scebrenica - 40 års fengsel», Aftenposten. Henta 24. mars 2016.
  17. «Karadzic jailed for Bosnian genocide», BBC News. Henta 24. mars 2016.
  18. Harald Berg Sævereid (23. april 2018). «Dømt for massakre - nå starter ankesaken». Verdens Gang. 
  19. «Radovan Karadžić war crimes sentence increased to life in prison». The Guardian (på engelsk). 20. mars 2019. ISSN 0261-3077. Henta 20. mars 2019. 
  20. «Karadzic war crimes sentence raised to life». BBC News (på engelsk). 20. mars 2019. Henta 20. mars 2019. 
  21. «Karadzic må sone resten av livet i fengsel for krigsforbrytelser». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2019. 
  22. «Karadzic ber domstol endre livstidsdom». www.abcnyheter.no (på norsk). 28. mars 2019. Henta 28. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Radovan Karadžić