Rag Doll av Aerosmith

Rag Doll
Singel av Aerosmith
frå albumet Permanent Vacation
B-side

«St. John», «Rag Doll (Rockapella Mix)»

Utgjeve 3. mai 1988[1]
Innspelt 1987
Sjanger
Lengd 4:24
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar)
Produsent Bruce Fairbairn
Aerosmith-kronologi 
«Angel»
(1988)
Rag Doll «Love in an Elevator»
(1989)


«Rag Doll» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, frå albumet deira Permanent Vacation frå 1987. Han vart gitt ut som den siste singelen frå albumet i 1988, og vart skriven av Steven Tyler, Joe Perry, Jim Vallance og Holly Knight. Songen «filtrerer essensen av Aerosmiths mest funky augneblink gjennom boom-thwack-rytmen frå hårmetallen frå 80-talet».[5]

Opphavet til songen endre

Songteksten vart primært skriven av Tyler og Vallance, Perry skreiv gitarriffet, og Vallance skreiv basslinja.[6] Songen hadde opphavleg tittelen «Rag Time», men John Kalodner likte ikkje det, så Holly Knight vart tilkalla for å hjelpa til med å endra teksten. Ho foreslo «Rag Doll», som eigentleg var ein annan tittel Tyler og Vallance hadde vurdert.[6]

Oppbygginga av songen endre

Songen er kjend for trommeslagaren Joey Kramer sin 1-2-1-2 rytme i byrjinga av songen, slidegitaren til Joe Perry, og ein hornseksjon arrangert av Tom Keenlyside.[7] Songen er i h-moll. Melodien og teksten til det andre verset er basert på den vokale motmelodien til The Rolling Stones sin versjon av Hank Snow sin «I'm Movin' On» som finst på Got Live If You Want It! der Keith Richards syng «Yes, I'm movin'» som svar på Mick Jagger som syng «I'm movin' on». Musikken på radiosingelen skilde seg frå albumversjonen ved å ha ein meir presserande, drivande rytme, driven av bassen til Tom Hamilton, og litt andre saksofontonar. Denne versjonen hadde ein tidlegare uttoning, og utelét den klassiske klarinett- og trompetduetten bak scat-synginga til Tyler. Videoen er basert på albumversjonen av songen.

Mottaking endre

Cash Box sa at «det er ein spicy trommeeffekt heilt på slutten av denne rocka, hit-singelen».[8]

Alle utgåver endre

  1. Rag Doll (4:24)
  2. Rag Doll (Extended Vacation) (6:59)
  3. Rag Doll (Rock Mix) (4:23)
  4. Rag Doll (Rockappella Mix) (4:07)
  5. Rag Doll (Dub Version) (5:33)
  6. Rag Doll (Extended Vacation/LP Version) (7:15)
  7. Rag Doll (The All Dayparts Edit) (3:05)
  8. Rag Doll (Remix) (2:50)
  9. Rag Doll (Edit) (3:05)
  10. Rad Doll (Wals Version)

Salslister endre

Vekesliste for «Rag Doll»
Liste (1988–89) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[9] 23
Canada Retail Sales (RPM)[10] 9
Irland (IRMA)[11] 29
Italy (Musica e Dischi)[12] 12
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[13] 19
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 16
UK Singles (Official Charts Company)[15] 42
US Billboard Hot 100[16] 17
US Mainstream Rock (Billboard)[17] 12

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. «Aerosmith - Rag Doll - hitparade.ch». hitparade.ch. Henta 2. juli 2021. 
  2. Rivadavia, Eduardo (28. februar 2017). «Aerosmith Albums Ranked». Loudwire (på engelsk). Henta 16. mars 2021. 
  3. Popoff, Martin (2014). The Big Book of Hair Metal: The Illustrated Oral History of Heavy Metal's Debauched Decade. Voyageur Press. s. 136. ISBN 978-1-62788-375-7. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «Big Ones - Aerosmith | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 1. august 2019. 
  5. Masley, Ed (8. juni 2015). «25 beste Aerosmith-singler, fra 'Dream On' til 'Crazy'». The Arizona Republic (på engelsk). Henta 16. mars 2021. 
  6. 6,0 6,1 «De 20 sangene som kan representere Aerosmiths karriere». Society of Rock. Henta 5. mai 2023. 
  7. Big Ones. Aerosmith. Geffen Records, Inc. 1994. 
  8. «Single Releases» (PDF). Cash Box: 12. 28. mai 1988. Henta 14. mai 2023. 
  9. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  10. «Retail Sales: Issue 8666». RPM. Library and Archives Canada. Henta 14. mai 2023. 
  11. "The Irish Charts – Search Results – Rag Doll". Irish Singles Chart.
  12. «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 14. mai 2023.  Set «Tipo» på «Singoli». Then, in the «Titolo» field, search «Rag doll».
  13. "Nederlandse Top 40 – Aerosmith search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  14. "Dutchcharts.nl – Aerosmith – Rag Doll" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  15. "Chart Stats – Aerosmith – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  16. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  17. "Aerosmith Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 14. mai 2023.