Rain Dogs
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve August 1985
Innspelt RCA Studios
Sjanger Rock, eksperimentell musikk
Lengd 53:46
Selskap Island
Produsent Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
Swordfish
trombones

(1983)
Rain Dogs Franks Wild Years
(1987)


Rain Dogs er eit musikkalbum av Tom Waits frå august 1985. I lag med Swordfishtrombones vert Rain Dogs ofte trekt fram som Waits sine to beste album.[1] Albumet nådde 88. plass på den amerikanske billboardlista og i 1989 kåra Rolling Stone albumet til det 21. beste i frå 1980-åra, medan det hamna på 397. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma nokon gong.

Albumet følgjer opp det Kurt Weill-aktige teatralske lydbilete frå Swordfishtrombones. Dette var òg første gong Marc Ribot spelar gitar for Waits, noko han skulle gjere på fleire album framover. Albumet er ei blanding av fleire stilartar bunde saman av Waits si hese stemme, intelligente tekstar og musikksmakar. Waits nyttar mange forskjellige instrument, som marimba, trekkspel, kontrabass, trombone og banjo. Men lydane vart stundom òg laga på meir uvanlege måtar. Waits sa ein gong at «om vi ikkje kunne få tromma til å høyrest riktig ut, så kunne vi gå ut på badet og ta ei skuff i ein kommode og slå ho skikkeleg hardt slik at lyden vart vår eigen»[2]

Albumet opnar med «Singapore», ei slags blanding av Kurt Weill og songar frå tidlege Walt Disney-teiknefilmar med skranglande perkusjon, omparytme og surrealistiske tekstar. «Clap Hands» følgjer opp det surrealistiske sporet med tekstlinjer som «Shine, shine, a Roosevelt dime/All the way to Baltimore and runnin' out of time/Salvation Army seemed to wind up in the hole/They all went to heaven in a little row boat». Musikken på dette sporet er dominert av to marimbaer. I tillegg til eksperimentelle spor har Waits òg eit par spor som går tilbake til stilen hans tidleg på 70-talet, som «Hang Down Your Head», «Time» og «Downtown Train». Sistnemnde vart spelt inn av Rod Stewart fem år seinare og vart ein hit som hamna på 2. plass på den amerikanske singellista. «Hang Down Your Head» vart skriven i lag med kona Kathleen Brennan og markerte starten på eit samarbeid som særleg tok seg opp på seinare album.

«Rain dogs» (regnhundar) er hundar som har gått seg bort etter at regnet har vaska bort alle luktene, slikt at dei ikkje kan lukte seg heim att. Mange karakterar i Tom Waits sine songar sympatiserer med denne skapningen. Waits har sagt at då han skreiv dei fleste songane på albumet «tenkte eg på ein fyr som kom tilbake til Philadelphia frå Manhattan på Metrolineren med New York Times, ser ut av vindauget i det toget dreg frå stasjonen i New York og tenker på alt det fæle han ikkje treng vere ein del av.»[2]

Mannen på plateomslaget er ikkje Tom Waits, sjølv om han liknar. Bilete er frå ein serie tatt av den svenske fotogragen Anders Petersen ved Café Lehmitz i Hamburg seint på 60-talet.

Keith Richards frå The Rolling Stones spelar gitar på tre av songane.

Innhald endre

Alle songar er skriven av Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Singapore» – 2:46
  2. «Clap Hands» – 3:47
  3. «Cemetery Polka» – 1:51
  4. «Jockey Full of Bourbon» – 2:45
  5. «Tango Till They're Sore» – 2:49
  6. «Big Black Mariah» – 2:44
  7. «Diamonds & Gold» – 2:31
  8. «Hang Down Your Head» (Brennan/Waits) – 2:32
  9. «Time» – 3:55
  10. «Rain Dogs» – 2:56
  11. «Midtown» [instrumental] – 1:00
  12. «9th & Hennepin» – 1:58
  13. «Gun Street Girl» – 4:37
  14. «Union Square» – 2:24
  15. «Blind Love» – 4:18
  16. «Walking Spanish» – 3:05
  17. «Downtown Train» – 3:53
  18. «Bride of Rain Dog» [instrumental] – 1:07
  19. «Anywhere I Lay My Head» – 2:48

Medverkande endre

Fotnotar endre

  1. Rain Dogs på allmusicguide[daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 «The 100 Greatest Albums of the 1980s» Rolling Stone nr. 565, 16. november 1989.