Rakkestad Bygdeblad

Rakkestad Bygdeblad var ei avis som vart utgjeven i Rakkestad i Østfold fylke. Redaktør for avisa var Carsten Lier, og avisa kom ut første gongen den 4. september 2002. Avisa vart utgjeven tysdag, torsdag og laurdag. Bygdebladet hadde 29 lokale eigarar, og stod utanfor dei store aviskonserna som eit sjølvstendig bygdeorgan med sterk lokal forankring. Avisa kom med sitt siste nummer 29. mars 2008.

Utmerking endre

I 2003 vart Rakkestad Blad kåra til «Årets lokalavis» i Noreg av Landslaget for Lokalaviser.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 1 533
2005 1 545
2006 1 496
2007 1 417

Referansar endre

  1. 2002-2004, 2005-2006, 2006-2007 2009-2010 Netto opplag for aviser knytte til Landslaget for Lokalaviser (LLA). Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff endre