Ramallah (arabisk رام الله, Rām Allāh, hebraisk skrift רמאללה)[2] er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda 10 km nord for Jerusalem, like ved al-Bireh. Han er i dag i røynda den administrative hovudstaden i Palestina. Med eit folketal på nesten 27 092,[1] dannar muslimar størstedelen av folkesetnaden, medan dei kristne utgjer ein større minoritet. Byen var tidlegare ein primært kristen by.

Ramallah
رام الله, רמאללה
by
Ramallah
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°54′N 35°12′E / 31.900°N 35.200°E / 31.900; 35.200
Areal 16,3 km²
Folketal 27 092  (2007)[1]
Folketettleik 1 662 / km²
Grunnlagd 1500-talet
 - Bystatus 1995
Borgarmeister Musa Hadid
Kart
Ramallah
31°53′49″N 35°12′06″E / 31.896944444444°N 35.201666666667°E / 31.896944444444; 35.201666666667
Wikimedia Commons: Ramallah
Nettstad: www.ramallah.ps

Namn endre

«Ramallah» er sett saman av ram, som tyer 'høgd', og Allah, det arabiske ordet for Gud.[3][4]

Historie endre

Førhistorisk tid endre

Ein har funne spor av menneske så langt som 500 000 år attende i regionen kring Ramallah. Det er funne førhistoriske stein, tre, og beinreiskap i grotter i Ramallah-området. Ein har òg funne leirmursteinar og runne bustadhus som er spor etter tidlege jordbrukssamfunn.

Ein kultur som opphavleg kom frå dagens Syria slo seg ned her i i tidleg bronsealder, og nytta kopar og steinreiskap. På denne tida byrja kaananittiske byar å vekse fram, omgjeve av murar. Desse bystatane hadde diplomatiske tilhøve med Egypt og Syria. Delar av denne urbane siviliasjonen vart øydelagd kring 2 300 fvt., men ein kjenner ikkje til kvifor dette skjedde. I mellombronsealderen, vart området påverka av nomadiske grupper som slo seg ned i åsane, i tillegg til sivilisasjonane rundt i Egypt, Mesopotamia, Fønikia og Syria.

Jernalderen endre

Frå 1020 fvt. til 720-åra fvt. vart området, inkludert det moderne Ramallah, styrt av Kongedømet Judea og Kongedømet Israel.

Seinare regjerte assyrarane og seinare babylonarar frå 720-åra til 500 fvt.

I slutten av perioden regjerte akkamenidane, og det persiske styret varte frå 500-åra til 330-åra fvt.

Antikken endre

Grekarane erobra området og styrte i 200 hundreår under Det ptolemaiske dynastiet og seinare Selevkideriket. Det hashmoneiske dynastiet følgde.

Kort tid før år null og i nesten 400 år regjerte Romarriket og ei kort stund Palmyrene-riket regionen. Innbyggjarane i det som no er Ramallah talte på den tida latinsk.

Etter Romarriket falt styrte Austromarriket i 300 år.

I følgje kristen tradisjon, skal Josef og Maria ha kvilt i Ramallah på veg frå Jerusalem til Galilea då dei oppdaga at Jesus, som var att i Tempelet i Jerusalem, var sakna. Ei krossfarar-kyrkje, kjend om Den heilage familie-kyrkja, markerer staden der dei skal ha stoppa.

Den arabiske kalifattida endre

Etter den islamske erobringa i 638, vart bannlysinga av jødedomen, som romarane innførte, offisielt heva, og kristne og jødar fekk offisielt tittlen «Folket av boka». Europeiske kristne pilegrimar vitja staden.

Krossfarar- og mamelukktida endre

Under europeik styre vart det bygd festningsverk, borger, tårn og festningslandsbyar i området.

På 1100-talet bygde franske krossfararar ei borg i Ramallah og ruinane av eit krossfarartårn, kalla al-Tira, er framleis å sjå i den gamle delen av byen.

mamelukkane erobra Palestina, dreiv dei ut mange krossfarar.

Osmansk tid endre

Palestina og området kring Ramallah vart underlagt Det osmanske riket som ein del av Osmansk Syria på 1500-talet.

Dagens Ramallah vart grunnlagd midt på 1500-talet av haddadinarar, ein klan som avstamma frå ghassanidske kristne. Haddadinane og leiaren deira Rashid El-Haddadin, kom frå aust for Jordanelva frå områda Karak og Shoubak.[5] Då Haddadin kom til området oppstod det kampar og uro mellom klanane i området.

I 1596 var oppført Ramallah i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 71 kristne hushaldningar og 9 muslimske hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, oliven, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[6]

Kristen by endre

Ramallah voks kraftig på 1600- og 1700-talet som ein jordbruksby, og trekte dermed til seg fleire (hovudsakleg kristne) innbyggjarar frå heile regionen. I 1700 vart Yacoub Elias den første frå Ramallah som vart ordinert til den austlege gresk-melkittisk-ortodokse kyrkja i Jerusalem. Tidleg på 1800-talet vart den første melkittiske kyrkja bygd. Seinare, i 1850-åra, vart Forvandlingskyrkja bygd for å erstatte den første, og er i dag den einaste ortodokse kyrkja i Ramallah. På same tiåret kom den romersk-katolske kyrkja til Ramallah. Dei grunnla St. Josefs jenteskule og Al-Ahliyyah vidaregåande skule, som vart drivne av nonner. Etter kvart som muslimske og kristne flyktningar kom til byen, vart det bygd nye moskear og kyrkjer.

Ramallah vart erklært ein moderne by i 1908.

 
Ein gammal, kristen gravplass i Ramallah.

Det britiske mandatet endre

Den britiske hæren okkuperte Ramallah i desember 1917. Byen vart verande under britisk styre til 1948. Økonomien betra seg i 1920-åra. Aristrokratiet og kjøpmennene som utgjorde den palestinske øvste klassen, bygde staslege villaer på fleire etasjar på denne tida, og mange av dei står framleis.[7] Jerusalem Electric Company førte elektrisitet til Ramallah i 1936, og dei fleste heimane vart kopla på kort tid etter. Same året innførte dei britiske styresmaktene «Palestina Broadcasting Service» i Ramallah. Dei tilsette fekk opplæring hos British Broadcasting Corporation og leverte daglege sendingar på arabisk, hebraisk og engelsk. Denne radiostasjonen fekk seinare namnet «Kol Yerushalayim» (Stemma frå Jerusalem).[8]

Jordansk styre endre

 
Bustadområde i Ramallah.

Etter at Staten Israel og den påfølgjande krigen, erobra Jordan området dei kalla Vestbreidda, inkludert Ramallah. Området var relativt rolig i åra etter den jordanske okkupasjonen mellom 1948 og 1967, og innbyggjarane fekk lov å flytte seg fritt mellom Vestbreidda, Jordan, Libanon, Syria, og andre stader. Jordan hadde annektert Vestbreidda og utøvde lovene sine der. Mange palestinarar vart likevel sette i fengsel for å vere medlemmar av det som den jordanske regjeringa rekna som ulovlege, politiske parti, inkludert Det palestinske kommunistpartiet og ander sosialistiske parti og grupper som var for sjølvstende. I 1953 hadde folketalet i Ramallah dobla seg og økonomien og infrastrukturen var ikkje god nok til å handsame så mange fattige landsbybuarar. Mange flytta frå Ramallah, hovudsakleg til USA. I 1946 hadde 1 500 av 6 000 opphavlege innbyggjarar i Ramallah flytta, og arabarar frå dei kringliggande byane og landsbyarne, særleg Hebron, kjøpte opp eigedom og heimar som emigrantane etterlet seg.[treng kjelde]

Israelsk styre endre

Under seksdagarskrigen i 1967, erobra Israel Ramallah. Dei utførte ei folketeljing kort tid etter og kvar person registrert i teljinga fekk eit israelsk identifikasjonskort som gjorde at dei fekk lov å halde fram med å bu der. Dei som var utanlands under folketeljinga mista bu-retten sin.[9] For innbyggjarane i Ramallah hadde situasjonen no vorte motsett og for første gongen på 19 år kunne dei fritt vitje Israel og Gazastripa og gjere handel der.

Israel gav ikkje innnbyggjarane borgarskap, men dei fekk arbeidsløyve i Israel. Byen vart verande under israelsk militærstyre i over fire tiår.[10] I følgje israelske menneskrettsaktivistar hindra jødiske busetjingar i Ramallah-området, som Beit El og Psagot, utviding av byen og skar han av frå dei kringliggande landsbyane.[11] Då motstanden auka, vart innbyggjarar i Ramallah fengsla eller deporterte til andre stader for medlemskap i Palestinsk frigjeringsorganisasjon.[12] I desember 1987 vart folkeopprøret kalla Intifada utløyst.

Den første intifadaen endre

Innbyggjarane i Ramallah vart tidleg med på Den første intifadaen. Under demonstrasjonane vart det brend bildekk i gatene og massane kasta steinar og Molotov-cocktail. IDF svarte med tåregass og gummikuler. Skular i Ramallah vart stengde med tvang og opna gradvis for berre nokre timar kvar dag. Det vart gjort husarrestar og innført portforbod som hindra reiser og eksport, i det som palestinarar såg på som ei kollektiv avstraffing.

I 1991 bestod den palestinsk delegasjonen til Den internasjonale fredskonferansen i Madrid av mange folk frå Ramallah. Etter kvart som Intifadaen vart trappa ned og fredsprosessen gjekk vidare, vart dagleglivet i Ramallah starta opp att. Den 13. september skjedde det kjende handtrykket føre Det kvite huset mellom den israelske statsministeren Yitzhak Rabin og den palestinske leiaren Yasser Arafat, og skulebarn i Ramallah delte ut olivenkvister til israelske soldatar som patruljerte gatene. I desember 1995, som eit ledd i Osloavtalen, trekte det israelske forsvaret seg ut til utkanten av byen. Den palestinske sjølvstyresmakta vart oppretta og tok kontroll over byen.

Den andre intifadaen endre

I åra mellom 1993 og 2000 (lokalt kalla «Osloåra») var det relativ velstand i Ramallah. Mange kom attende og opprett føretak der og atmosfæren var prega av optimisme. I 2000 byrja arbeidsløysa å stige og det gjekk dårligare med økonomien i Ramallah.[13][14] Det israelske forsvaret hadde kontroll over territoria og fridomen til å dra dit ein ville, som ein hadde hatt før den første Intifadaen, vart ikkje attende. Ein måtte ha spesialløyve for å dra til Jerusalem og dei israelske busetjingane kring Ramallah auka dramatisk. Eit nettverk av vegar for berre israelske borgarar, vart bygd rundt Ramallah, og landområde vart konfiskert for busetjingane.[15][16] Mange offisielle dokument, som tidlegare var handsama av israelske styresmakter, vart no handsama av Den palestinske sjølvstyresmakta, men måtte framleis ha israelsk godkjenning. Eit palestinsk pass frå Ramallah var berre gyldig om passnummeret var registrert av israelske styresmakter, som kontrollerte grenseovergangane.[17] Då forhandlingane i Camp David-møtet i juli 2000 ikkje førte fram, braut den andre Intifada (al-Aqsa Intifada) ut i september 2000.

Unge Ramallah-innbyggjarar demonstrerte dagleg mot det israelske forsvaret, med marsjar mot israelske kontrollpunkt i utkanten av byen. Over tid vart marsjane erstatta med sporadisk bruk av kuler mot israelske soldatar, og forskjellige åtak på jødiske busetjarar, særleg langs dei israelske vegane. Hæren innførte kontrollpunkt for å hindre rørsle inn og ut av Ramallah.[18][19][20]

Den 12. oktober 2000 vart to israelske reservesoldatar, Vadim Norzhich og Yosef Avrahami, lynsja i Ramallah. Dei hadde svinga feil veg, og hamna inn ein mobb, som særleg var rasande etter Muhammad al-Durrah-hendinga på Gaza.[21] Den rasande gruppa tok livet av dei to soldatane, lemlesta lika deira og drog dei gjennom gatene.[22] Seinare på ettermiddagen utførte det israelske forsvaret luftåtak mot Ramallah, øydela politistasjonen, og Israel karte seinare å fange og rettsforfølgje somme av dei som var involvert i drapa.

I 2002 vart Ramallah okkupert på ny av Israel i ein operasjon kalla Operasjon Defensive Shield, som førte til portforbod, straumbrot, stengde skular og butikkar.[23] Mange institusjonar i Ramallah, inkludert statlege institusjonar, vart vandalisert og utstyr vart øydelagd eller stolen.[24] Det israelske forsvaret tok over lokale fjernsynsstasjonar i Ramallah, og dei sosiale og økonomiske tilhøva vart kraftig forverra.[25] Mange flytta frå byen.[26][27][28] Israel si sperring på Vestbreidda har ytterlegare isolert Ramallah frå resten av Palestina.

Den palestinske sjølvstyresmakta endre

Yasser Arafat hadde hovudkvarteret sitt på Vestbreidda, Mukataa, i Ramallah. Sjølv om et var ei mellombels løysing, var Ramallah i røynda hovudstaden til Den palestinske sjølvstyresmakta, og nesten alle statlege hovudkvarter låg her. I desember 2001 heldt Arafat møte ved Mukataa, men budde med kona og dottera si i Gaza by. Etter sjølvmordsbombinga i Haifa, vart Arafat tvungen til å halde seg i Ramallah. I 2002 vart eigedomen delvis øydelagd av israelske forsvarsstyrkar og bygningen til Arafat vart avskoren frå resten av området.

Arafat døydde den 11. november 2004 ved Percy training hospital of the Armies nær Paris. Han vart gravlagd ved Mukataa den 12. november 2004. Staden er framleis hovudkvarter for Den palestinske sjølvstyresmakta og det offisielle kontoret til Mahmoud Abbas.

Mange land har oppretta diplomatiske band til Den palestinske sjølvstyresmakta i Ramallah, og i 2010 var desse Argentina, Australia, Austerrike, Korea, Sør-Afrika, Noreg, Sri Lanka, Sveits, Kina, Polen, Portugal, Nederland, Russland, Jordan, Brasil, Finland, Danmark, Irland, Tyskland, India, Japan, Tsjekkia, Canada og Mexico.[29]

I november 2011 vitja kong Abdullah II av Jordan Ramallah for første gongen sidan 2000.[30]

 
Mukataa i 2013.

Klima endre

Dette området har eit middelhavsklima med tørre somrar og milde, regnfulle vintrar, stundom nedbør som snø. Årsmiddelnedbøren i Ramallah er 694 mm. Det minste som er målt på eit år er 307 mm og det meste 1591 mm.[31]

 
Ramallah.

Folkesetnad endre

 
Ei hovudgæ i Ramallah

Ei landsbyliste frå osmansk tid viste at Ramallah hadde 249 husstandar og eit folketal på 635, men dette talet omfatta berre menn. Landsbyen var omtalt som å liggja i Bire-området, «nord for Mikhmas, på ei steinete høgd.»[32][33][34]

I 1896 var folketalet i Ramallah estimert til å vera rundt 2 061 menneske.[35][34]

I folketeljinga frå 1922, utført av dei britiske styresmaktene under Palestinamandatet, hadde Ramallah eit folketal på 3 104}. 2 972 av dei var kristne, 125 muslimar og 10 jødar.[36][37] Av dei kristne var 2 162 ortodokse, 1 syrisk-ortodoks (jakobitt), 332 katolikkar, 144 gresk-katolske (melkittar), 211 anglikanarar (Church of England) og 122 «anna».[38] Folketalet hadde auka til 4 286 ved folketeljinga i 1931, med 3 766 kristne, 519 muslimar og 1 jøde, i totalt 1014 hushaldningar.[39]

I landsbystatistikken frå 1945 var folketalet 5 080,[40] med kristne i majoritet. Mellom 1948 og 1967 endra innbyggjarbildet seg kraftig då svært mange kristne utvandra. Litt ovar halvparten av dei 12 134 innbyggjarane var kristne i 1967, den andre halvdelen var muslimsk.[41]

Folketalet i Ramallah gjekk kraftig ned i slutten av 1900-talet, frå 24 722 i 1987 til 17 851 i 1997. I folketeljinga til Palestinsk statistisk sentralbyrå frå 1997 utgjortde palestinske flyktningar 60,3 % av denne folkesetnaden.[42] Folk som var yngre enn 20 år utgjorde 45,9 % av folkesetnaden, folk mellom 20 og 64 utgjorde 45,4 %, medan innbyggjarar over 64 utgjorde 4,7 %.[43]

Ført i 2005 passerte folkesetnaden 24 000. I ei framskriving frå Palestinsk statistisk sentralbyrå frå 2006 hadde Ramallah 25 467 innbyggjarar.[44] Ved folketeljinga i 2007 hadde byen {{formatnum:27460]] innbyggjarar.[45] Ulike kjelder har ulik del kristne blant befolkninga, men dei rekner med at dei utgjer rundt 25 %.[46][47]

Venskapsbyar endre

Ramallah er venskapsby med:

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 2007 PCBS Population. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.53. (arabisk)
  2. «Ramallah.ps». Ramallah.ps. Arkivert frå originalen 5. november 2011. Henta 20. september 2015. 
  3. «Ramallah.ps». Ramallah.ps. Arkivert frå originalen 5. november 2011. Henta 13. november 2011. 
  4. Palmer 1881, s. 324
  5. American Federation of Ramallah Palestina, arkivert frå originalen 29. oktober 2008, henta 22. september 2015 
  6. Wolf-Dieter Hütteroth; Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 121. 
  7. «From a Village to a Town». Arkivert frå originalen 23. desember 2007. Henta 20. september 2015. 
  8. «The Historie of Radio i Israel». Jewish Virtual Library. American-Israeli Cooperative Enterprise. Henta 20. september 2015. [daud lenkje]
  9. Creation of the problem of family separation i Occupied Territories Btselem
  10. Israeli Military Orders in the Occupied Palestinian West Bank Arkivert 2009-07-12 ved Wayback Machine. Jerusalem Media and Communications Centre (JMCC), 2. utg. s. 241. 1995
  11. «Brightonpalestinecampaign.org» (PDF). Henta 20. september 2015. 
  12. «Israel/Occupied Territories: Demolition and dispossession: the destruction of Palestinian homes». Web.amnesty.org. 8. desember 1999. 
  13. Wider.unu.edu
  14. NYtimes.com
  15. Ariga.com
  16. «UN.org». Dei sameinte nasjonane. Henta 20. september 2015. 
  17. Badil.org Arkivert 2009-01-11 ved Wayback Machine. Badil.org
  18. Jessica Azulay (5. juli 2002). «Breeding Points Of Terror». Zmag.org. Arkivert frå originalen 1. desember 2002. Henta 20. september 2015. 
  19. «Miftah.org». Miftah.org. Henta 20. september 2015. 
  20. Machsomwatch.org, arkivert frå originalen 1. november 2007, henta 1. november 2007 
  21. «Jewishvirtuallibrary.org». Jewishvirtuallibrary.org. Henta 20. september 2015. [daud lenkje]
  22. Martin Asser (13. oktober 2000). «Lynch mob's brutal attack». BBC News. Henta 20. september 2015. 
  23. ICPH.birzeit.edu (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 12. juni 2010, henta 22. september 2015 
  24. Haaretzdaily.com
  25. «Siteresources.worldbank.org» (PDF). Henta 20. september 2015. 
  26. Palestinarcs.org, arkivert frå originalen 27. april 2006, henta 27. april 2006 
  27. «Btselem.org». Btselem.org. Henta 20. september 2015. 
  28. Tarik Kafala (20. januar 2002). «The Palestinians under closure». BBC News. Henta 20. september 2015. 
  29. ‘Palestine’s new bride’, Khaled Abu Toameh, 16. oktober 2014, Jerusalem Post.
  30. Jordan's King Abdullah visits the West Bank for first time in decade
  31. Hussein Al-Rimmawi; Marwan Ghanem; Ibrahim Shalash (2010). «Rainfall Trends in the District of Ramallah and Al-Bireh, Palestine». Water Resource and Protection. s. 345–352. doi:10.4236/jwarp.2010.24040. 
  32. Socin, 1879, s. 158 the population count is given with a "?"
  33. Hartmann, 1883, p.127 noted 120 houses
  34. 34,0 34,1 Ben-Arieh, 1985, s. 90
  35. Schick, 1896, s. 121
  36. Barron, 1923, s. 16
  37. Harris, Chauncy Dennison. Research paper: Issues 217–218 of World Patterns of Modern Urban Change: Essays in Honor of Chauncy D. Harris s. 154
  38. Barron, 1923, p. 45
  39. Mills, 1932, s. 50
  40. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, s. 65
  41. Ramallah. Encyclopædia Britannica. 2008. Encyclopædia Britannica Online. 27. desember 2008.
  42. «Palestinian Population by Locality, Sex and Age Groups in Years». Palestinian Central Bureau of Statistics (PCBS). Arkivert frå originalen 19. november 2008. 
  43. «Palestinian Population by Locality, Sex and Age Groups in Years». Palestinian Central Bureau of Statistics (PCBS). Arkivert frå originalen 19. november 2008. 
  44. «Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh Governorate by Locality 2004– 2006». Palestinian Central Bureau of Statistics (PCBS). Arkivert frå originalen 4. mars 2009. 
  45. «2007 PCBS Census» (PDF) (på arabisk). Palestinian Central Bureau of Statistics (PCBS). s. 114. Arkivert frå originalen (PDF) 10. desember 2010. 
  46. Hall, Andy. «Quaker Meeting in Ramallah». Ecumenical Accompaniment Programme in Palestine and Israel. Arkivert frå originalen 25. februar 2011. 
  47. Keulemans, Chris (april 2005). «Imagination Behind the Wall: Cultural Life in Ramallah] side=2» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 6. oktober 2011. 
  48. «Bordeaux - Rayonnement européen et mondial». Mairie de Bordeaux (på fransk). Arkivert frå originalen 7. februar 2013. Henta 5. september 2015. 
  49. «Bordeaux-Atlas français de la coopération décentralisée et des autres actions extérieures». Délégation pour l’Action Extérieure des Collectivités Territoriales (Ministère des Affaires étrangères) (på fransk). Arkivert frå originalen 7. februar 2013. Henta 5. september 2015. 
  50. «Firman Memorándum de Entendimiento Toluca-Ramallah y Al-Bireh». Radiofórmula (på spansk). Arkivert frå originalen 28. mai 2014. Henta 5. september 2015. 
  51. «Trondheims offisielle nettsted – Vennskapsbyer» (på norsk). Trondheim.com. Arkivert frå originalen 21. februar 2012. Henta 20. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ramallah