Rambouillet er ein kommune i dei sørvestlege forstadane til Paris i Frankrike, men har status som by. Han ligg 44,3 km frå sentrum av Paris, og er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yvelines.

Rambouillet
Kyrkja i Rambouillet
Kyrkja i Rambouillet
Kyrkja i Rambouillet
Byvåpenet til Rambouillet
Byvåpenet til Rambouillet
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Yvelines
Geografi
Flatevidd 35,19 km²
Flatevidd
 - By

35,19 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

24 900
  708/km²
Koordinatar 48°39′N 01°50′E / 48.650°N 1.833°E / 48.650; 1.833
Høgd over havet 142 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 78120
Heimeside: www.rambouillet.fr

Rambouillet er kjend for den store Rambouilletskogen, i tillegg til Château de Rambouillet, som har vore vertskap for fleire internasjonale toppmøte. Sidan han ligg nær både Paris og Versailles har Rambouillet stundom vore sete for regjeringa.

Historie endre

Rambouillet var i søkelyset under Kosovokrigen då partane møttest her i lag med NATO. Møte skulle gjere slutt på krisa, der Kosovo skulle få sjølvstyre, dei jugoslaviske paramilitære styrkane skulle legge ned våpna og NATO sin fredsstyrke skulle få lov å kome inn i Kosovo. Dei jugoslaviske styresmaktene nekta derimot å skrive under på Rambouillet-avtalen, og ville utsetje sjølvstyre til Kosovo. Dette starta Kosovokrigen og NATO sin reaksjon på at Jugoslavia ikkje skreiv under var å bombardere Jugoslavia mellom mars og juni 1999.

Bakgrunnsstoff endre