Ramlabukta er ei bukt på nordsida av øya GozoMalta i enden av ein frodig dal. Landsbyen Xaghra ligg oppfor denne dalen og det tar om lag 40 minutt å gå frå landsbyen til bukta. Ein kan òg nå bukta frå landsbyen Nadur.

Ramlabukta

Stranda i bukta er vid og dekt av ein gyllen, raudleg sand, som ein ikkje finn andre stader på Gozo og Malta. Det maltesiske namnet er Ir-Ramla il-Ħamra, som tyde «Den raude sandete stranda». Stranda er omgjeve av åsar på begge sider der mange lokale bønder har frukthagar. Det ligg restar frå romartida ved stranda og den kjende Kalypsogrotta ligg på vestsida av ho. I følgje segna var det ved denne grotta at nymfa Kalypso heldt Odyssevs fanga i sju år Odysseen.

Kjelder endre