Rammesag er ei sag med fleire parallelle sagblad som kan saga plankar og bord av tømmerstokkar. Rammesaga har også vore kalla grindsag, gittersag.[1] Eit anna namn er silkesag. Rammesager er fortsatt i bruk sjøl om ho er erstatta av sirkelsager i mange høve.

Eldre rammesag av oppgangstypen.

Ei rammesag består av eit stativ med ei ramme som går i sleider. I ramma er det spent inn sagblad med justerbar avstand. Ramma blir halden i ei opp- og nedgåande rørsle av ein veivaksel. Tømmeret blir mata inn i sagramma frå ei skinnegåande ileggjarvogn, der stokken på forhånd kan vriast til den beste skurposisjonen. Saga kan ikkje omstillast for kvar stokk og krev derfor at tømmeret er gruppert etter dimensjon.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Rammesag», Store norske leksikon, 30. august 2011, henta 7. februar 2017 
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.