Ramnefjellfossen (òg kalla Utigardsfossen eller Utigordsfossen) er den fjerde høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg ved Nesdal i Stryn kommune i Vestland. Fossen er ein del av Utigardselva som renn ned frå Ramnefjellbreen like ovanfor. Fossen får derfor jamn tilførsel av vatn, men har ikkje større volum enn at han ikkje har vorte utbygd for vasskraftproduksjon.

Ramnefjellfossen
foss
Ramnefjellfossen i Ramnefjellet

Foto: Sindre Jacobsen

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Fossetype Hestehale, kaskade
Elv Utigardselva
Totalt fall 818 m
 - Lengste fall 600 m
 - Midla breidd 23 m
Tal på fall 3
Status Ikkje regulert
Verdsrangering 12. høgaste i verda.
Kart
Ramnefjellfossen
61°47′22″N 6°58′00″E / 61.78941°N 6.96664°E / 61.78941; 6.96664
Wikimedia Commons: Ramnefjellsfossen

Fossen har eit totalt fall på 818 meter, fordelt på tre fall. Det lengste fallet er om lag 600 meter, noko som stundom vert oppgjeve som den totale høgda på fossen. Det totale fallet inneheld både kaskadefallet frå enden av Ramnefjellbreen og kaskadefallet nedanfor hovudfallet.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre