Rashid Ramzi (fødd 17. juli 1980) er ein marokkansk tidlegare mellomdistanseløpar som frå 2002 representerte Bahrain. Han vart verdsmeister på 800 meter og 1500 meter ved meisterskapen i Helsinki i 2005.

Rashid Ramzi


Statsborgarskap Marokko, Bahrain
Fødd 17. juli 1980 (43 år)
Safi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006

Aktiv endre

Ramzi er frå Safi i Marokko. Som representant for Bahrain vann han i 2002 gull i Asia-meisterskapen og asialeikane. Han imponerte stort då han vann eit GL-stemne på Stadio Olimpico i Roma den 2. juli 2004 på tida 3.30,2, men klart ikkje ta seg til finale i OL i Athen. Tidleg i juli 2005 forbetra han rekorden sin til 3.30,0 på nettopp Stadio Olimpico. Under verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki i august kneip han gullmedaljen på 1500 m framom sin tidlegare landsmann Adil Kaouch og Rui Silva frå Portugal. Fire dagar seinare overraska han stort ved å vinne 800-meteren klart framom favoritten Jurij Borzakovskij. 14. juli 2006 var Ramzi tilbake på Stadio Olimpico der han sette livsbeste på 1500 m med 3.29,1, tre dagar seinare fekk han tida 1.44,05 ved eit stemne i Madrid, også det personleg rekord på den aktuelle distansen. I verdsmeisterskapen 2007 kneip han sølvmedaljen på 1500 m med ein margin på 0,04 sekund etter eit rivande spurtoppgjer.

I Sommar-OL 2008 kom Ramzi i mål som fyrstemann på 1500 meter pg vart tildelt den aller fyrste OL-medaljen som gjekk til ein representant for Bahrain. Året etter gjekk medaljen tapt.

Doping endre

Ramzi vart i 2009 dømt for å ha brukt det blodforsterkande stoffet CERA og fråteken gullmedaljen han fekk i Beijing året før.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre