Rashied Ali

amerikansk musikar

Rashied Ali, fødd Robert Patterson, (1. juli 193512. august 2009) var ein amerikansk jazztrommeslagar frå Philadelphia.

Rashied Ali

Statsborgarskap USA
Fødd 1. juli 1933
Philadelphia
Død

12. august 2009 (76 år)
New York by

Yrke jazzmusikar
Språk engelsk
Medlem av Rashied Ali Quartet, Rashied Ali Quintet
Religion Islam
Rashied Ali på Commons
Rashied Ali

Etter musikkstudiar og speling med lokale band i Philadelphia-området, kom gjennombrotet til Ali med ein Japan-turne med Sonny Rollins i 1963. Etter denne flytta han til New York, der han kom med i den gryande frijazzscena og møtte artistar som Pharoah Sanders og Albert Ayler. I 1965 byrja han i John Coltrane sitt band. Først spelte både Ali og Elvin Jones i bandet (ein kan høyre dette samarbeidet på albumet Meditations frå 1965), men Jones slutta etter ei kort tid og Ali sat att som den einaste trommeslagaren. Stilen hans var kjenneteikna ved å vere friare enn Jones sin; der Jones utbroderte pulsen i musikken, gjekk Ali stort sett vekk frå å markere pulsen i det heile.

Etter Coltrane døydde i 1969, heldt Ali fram med å spele med Alice Coltrane, og seinare starta han eigne band. Trass i at han frå 1980-åra og utover vart mindre aktiv, gav han ut fleire kritikarroste plater og samarbeidde med andre kjende jazzmusikarar.

Ali døydde av hjarteattakk i Manhattan i 2009.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre