Raud Ungdom er ungdomsfylkinga til Raudt, og er ein revolusjonær, feministisk organisasjon som organiserer ungdom til kamp for sosialisme, med mål om eit klasselaust samfunn: kommunisme.

Raud Ungdom

LandNoreg
Grunnlagt1973
HovudkvarterOslo
Medlemstal542 (2020)[1]
RU demonstrerer for likeløn 1. mai 2010 i Oslo

Fram til 2007 då Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes kommunistparti (Akp) saman danna Raudt hadde Raud Ungdom to moderparti, og har difor tradisjonelt vore meir sjølvstendige og lausrivne enn det som har vore vanleg for andre politiske parti sine ungdomsorganisasjonar.

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom.[2]

Historie endre

Raud Ungdom vart stifta i 1963 som ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (SF), under namnet Sosialistisk Ungdomsfylking (SUF). I 1969 braut organisasjonen med SF, og endra namnet til SUF (m-l). I 1973 fekk organisasjonen namnet Raud Ungdom, etter at SUF(m-l) og seinare MLG skipa AKP(m-l).

I 2001 la Raud Ungdom 13 skulebøker ut på nett i ein politisk aksjon for gratis lærebøker. Forleggerforeningen meldte organisasjonen for brot på opphavsretten, og saka hamna til slutt i Høgsterett i 2004. RU vart dømt til å betala 125 000 kroner i erstatning, men Forleggerforeningen lét RU sleppa å betala heile summen.

Fram mot samanslåinga mellom RV og AKP i 2007, var Raud Ungdom svært aktive i den interne prosessen i særleg RV. På landsmøtet i 2006 var det oppe to ulike forslag om å bryta med Akp, og berre vera RV sin ungdomsorganisasjon. Det eine forslaget gjekk ut på å utsetja brotet med Akp til årsskiftet 2006/07. Dette forslaget fekk fleirtal, men fleirtalet vart ikkje stort nok til å få gjennom vedtektsendringa. Etter dette inntok RU ei meir pragmatisk rolla i samanslåingsprosessen, og bidrog til stiftinga i Raudt på lik lina med moderpartia.

Organisasjon endre

Raud Ungdom si organisasjonsform er demokratisk sentralisme. RU har tradisjonelt, til liks med Akp, hatt eit omfattande system av tryggingstiltak for å hindra overvaking frå staten og infiltrasjon frå høgreekstreme. Tryggingsinstruksen vart mjuka opp gjennom 1990- og 2000-talet, og fjerna heilt på landsmøtet i 2006. Dette landsmøtet var soleis det siste som var lukka for ålmenta.

Sentralstyret held til i Oslo.

Politikk og aktivisme endre

Raud Ungdom er ein meir aktivistisk organisasjon enn dei fleste andre politiske ungdomsorganisasjonane. RU meiner at sosialismen berre kan oppnåast gjennom at folkefleirtalet gjer opprør mot statsmakta og kapitalistane, og at aktivisme difor er viktigare enn parlamentarisk arbeid. Organisasjonen er basert på lokallag og har aktivitetsplikt, det vil seia at alle medlemer har plikt til å delta på lokallagsmøte og andre aktivitetar.

Raud Ungdom sine bøllekurs har vore ein av organisasjonen sine viktigaste aktivitetar og største rekrutteringskanal. Bøllekursa er sjølvtillitskurs for unge jenter, der dei lærer seg å ta ein større plass i det som vert sett på som eit mannsdominert samfunn. Kursa er svært anerkjende og vert tidvis brukte på skular.[treng kjelde]

Studiearbeidet har vore ein viktig grunnstein i Raud Ungdom, og det er eit mål for organisasjonen at alle medlemene blir skolerte i marxistisk filosofi.

Dei viktigaste sakene til Raud Ungdom:

Tidlegare leiarar i SUF, SUF(m-l) og Raud Ungdom endre

Kjelder endre

  1. https://framtida.no/2023/03/14/medlemstal.
  2. Raud Ungdom. «Organisasjonen» (på norsk). Raud Ungdom. Henta 23.11.2018. 

Bakgrunnsstoff endre