Raudskogen (ukrainsk Рудий ліс, Rudyj lis; russisk Рыжий лес, Ryzjij les), tidlegare Ormeskogen, syner til trea i eit 10 km² område kring Tsjernobyl atomkraftverk i sperreområdet. Namnet 'Raudskogen' kjem frå den raudbrune fargen furutrea fekk då dei døydde etter det høge strålingsnivået dei vart utsett for etter Tsjernobylulukka den 26. april 1986.[1] I oppryddinga etter katastrofen vart Raudskogen rydda og gravlagd i 'avfallsgraver'.[2] Raudskogen er i dag eit av dei mest forureina områda i verda.[3]

Raudskogen
ukrainsk Рудий ліс
russisk Рыжий лес
skog
Namnet Raudskogen kjem frå den raudaktige fargen furutrea fekk då dei døydde etter den høge strålinga dei vart utsett for etter Tsjernobylulukka den 26. april 1986.[1]
Land  Ukraina
Region Tsjernobyl sperreområde
Koordinatar 51°22′48″N 30°02′57″E / 51.38011°N 30.04908°E / 51.38011; 30.04908
Styresmakt Ukrainsk offentleg styre av sperreområdet
Vitjande Berre med løyve
status Statskontrollert, avgrensa tilgang
Kart
Raudskogen
51°22′48″N 30°02′57″E / 51.380111111111°N 30.049080555556°E / 51.380111111111; 30.049080555556
Wikimedia Commons: Red Forest

Katastrofen og oppryddinga endre

 
Tomme bustadblokker i Pripjat, med tre som har overlevd
For meir om dette emnet, sjå Tsjernobylulukka.

Raudskogen ligg i sperresonen, området som fekk dei høgaste strålingsdosane etter Tsjernobylulukka som følgje av røyk og støv og er særs forureina med radioaktiv stråling. Trea døydde frå denne strålinga. Eksplosjonen og brannen i Tsjernobyl reaktor nr. 4 forureina jordsmonnet, vatnet og lufta med stråling lik 200 gonger strålinga etter atombombene i Hiroshima og Nagasaki.[4]

I oppryddinga etter ulukka vart ein stor del av furutrea fjerna og gravlagd i grøfter av «likvidatorane». Grøftene vart dekte av eit tjukt lag med sand og planta med nye, unge furuer.[5] Mange fryktar at når trea rotnar, så vil strålinga lekke ut i grunnvatnet. Folk har evakuert forureiningssonen kring Raudskogen.

Dyreliv endre

 
Ein forlaten landsby nær Pripjat, nær Tsjernobyl
 
Kart som syner cesium-137-forureininga i Kviterussland, Russland og Ukraina i 1996.

Medan menneske vart evakuerte frå området i 1986, flytta likevel dyr inn i strålingsområdet. Planter og dyr i Raudskogen har blitt dramatisk påverka av den radioaktive strålinga som følgde ulukka. Det verkar til at det biologiske mangfaldet i Raudskogen har auka i åra etter ulukka.[6] Det er rapportar om veksthemma plantar i området og villsvinbestanden åttedobla seg mellom 1986 og 1988.[1]

Raudskogen er eit av dei mest forureina områda i verda.[3] Likevel har det vist seg som eit overraskande fruktbart habitat for mange utryddingstruga artar. Då området kring atomreaktoren vart evakuert skapte eit frodig og unikt dyrereservat. I BBC-dokumentaren Horizon i 1996 kan ein sjå fuglar som flyg inn og ut av store hol i strukturen kring den tidlegare atomreaktoren. Den langvarige påverknaden av det radioaktive nedfallet på dyre og plantelivet i regionen er ikkje fullt ut kjend, sidan planter og dyr har særs forskjellig og varierande radiologisk toleranse. Somme fuglar er observert med forkorta halefjør (som er til hinder for hekking). Ein har observert stork, ulv, bever og ørn i området.[7][8]

I dag endre

I dag er strålingsnivåa i Raudskogen så høge som éin røntgen per time, men nivå på til millirøntgen per time er meir vanleg. Meir enn 90 % av radioaktiviteten i Raudskogen er konsentrert i jordsmonnet.[5]

Vitskapsfolk planlegg å nytte den nærliggande, radioaktive og tomme byen Pripjat og det kringliggande området som eit unikt laboratorium for å teste spreiinga av radionuklidar etter sprenginga av ei kjernefysisk bombe eller eit åtak med kjemiske- eller biologiske stoff. Området gjev eit unikt høve til å forstå kva radioaktivt nedfall kan gjere med eit by- og naturområde.[9]

Naturen i området ser ikkje berre ut til å ha overlevd, men trivst på grunn av redusert menneskeleg innverknad. Sonen har vorte eit «radiologisk reservat», eit klassisk døme på ein uforskyldt park. Det er trudd at det har oppstått mutantar hos dyr i Raudskogen, men dette er ikkje bevist, utanom delvis albinisme hos svaler. I dag er ein mest uroa over forureininga i jorda med strontium-90 og cesium-137, som har ei halvveringstid på kring 30 år. Dei høgaste nivåa med cesium-137 er funnen i overflate laga av jorda, der dei vert absorbert av planter og insekt som lever der i dag. Somme forskarar fryktar at radioaktiviteten vil påverke området i fleire generasjonar framover.[10][11]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Wildlife defies Tsjernobyl radiation, av Stefen Mulvey, BBC News 20. april 2006.
  2. Tsjernobyl's continuing hazards, by Stefen Mulvey, BBC News
  3. 3,0 3,1 "Tsjernobyl - Part One". BBC News 4. april 2006
  4. Back to wild PDF
  5. 5,0 5,1 A Natural History of Tsjernobyl, by Mary Mycio, Wormwood Forest: A Natural History of Tsjernobyl
  6. The Chernobyl nuclear disaster and subsequent creation of a wildlife preserve, Letter to the Editor, Robert J.Baker, Texas Tech University and International Radioecology Laboratory
  7. «IAEA Report». In Focus: Chernobyl. Arkivert frå originalen 27. mars 2006. Henta 6. september 2012. 
  8. Chernobyl: The True Scale of the Accident, by International Atomic Energy Agency/World Health Organization/United Nations Development Programme, 5. september 2005.
  9. «A Radioactive Ghost Town's Improbable New Life». 2005. Henta 6. september 2012. 
  10. Microsoft Word - !!MASTERDOC cesium dr3 mar2 ac.doc
  11. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. juli 2012, henta 6. september 2012 

Bakgrunnsstoff endre