Raw Power
Studioalbum av The Stooges
Språk engelsk
Utgjeve 7. februar 1973[1]
Innspelt 10. september til 6. oktober 1972
Studio CBS Studios i Whitfield Street i London
Sjanger
Lengd 33:57
Selskap Columbia
Produsent
The Stooges-kronologi 
Fun House
(1970)
Raw Power Metallic K.O.
(1976)


Raw Power er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Stooges, og kom ut i 1973. Det vart det siste studioalbumet deira før 2007. Sjølv om det selde dårleg i starte, fekk Raw Power ein sterk tilhengjarskare og som føregangaren Fun House frå 1970, vert det i dag rekna som eit særs viktig album for utviklinga av punkrock.[13][14]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[4]
Chicago Tribune4/4 stars[5]
Christgau's Record GuideB+[6]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[7]
MusicHound Rock4.5/5[8]
Q4/5 stars[9]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[10]
Spin Alternative Record Guide9/10[11]
The Village VoiceA− (remix)[12]

Historie endre

Etter dei to første albuma deira, The Stooges (1969) og Fun House (1970) kom ut utan særleg suksess, var the Stooges i stor uorden. Dei hadde offisielt vorte oppløyst, bassist Dave Alexander kjempa mot alkoholisme, og heroinmisbruket til songaren Iggy Pop eskalerte før han møtte David Bowie. Iggy sa seinare «Særs få såg kvaliteten i låtane til the Stooges. Det var verkeleg omhyggeleg. Og den einaste person eg veit som såg denne kvaliteten, av mine profesjonelle musikarkollegaer, var Bowie. Han såg det med ein gong.»[15] Iggy flytta til London, og signerte ein kontrakt som soloartist for MainMan Management (som òg handsama Bowie) og Columbia Records. I London skulle Iggy skrive og spele inn eit album med James Williamson, som hadde kome inn i the Stooges som andregitarist seint i 1970. Dei klarte ikkje å finne ein høvande engelsk rytmeseksjkon, så Williamson foreslo å fly over dei tidlegare Stooges-medlemmane Ron Asheton og Scott Asheton for å delta på innspelinga. Sidan Williamson alt spelte gitar, vart Ron, tidlegare sologitarist i bandet, flytta til bass, medan Scott spelte trommer som før.

Iggy sa at sjefane i Columbia insisterte på at albumet måtte ha to balladar, ein på kvar side av plata. Desse to var «Gimme Danger» og «I Need Somebody». Albumet vart spelt inn i CBS Studios i London frå 10. september til 6. oktober 1972. Iggy produserte og miksa albumet sjølv, men det første forsøket hans gjorde at dei fleste instrumenta hamna i ein steroekanal og vokalen i den andre, utan omtanke for balanse eller tonekvalitet. Tony DeFries, sjef for MainMan, gav Iggy melding om at albumet skulle miksast på ny av David Bowie. Iggy gjekk med på dette og hevda at alternativet var at han ikkje fekk gje ut albumet.[16] Han fekk derimot halde sin eigen miks av «Search and Destroy». På grunn av pengemangel, måtte Bowie miksa dei sju songane på berre ein dag i eit billig studio i Los Angeles, Western Sound Recorders, i oktober 1972. Iggy fortel:

« Så vidt eg hugsar vart det gjort på ein dag. Eg trur ikkje det var to dagar. På ein særs, særs gammal miksepult. Eg fortel deg denne pulten var verkeleg gammal! Slik som Elvis nytta, gammaldags, primitivt i eit dårleg opplyst, billig studio med særs lita tid. Til David's forsvar, så lytta han med øyra sitt til kvar ting og diskuterte det med meg. Eg gav han det eg meinte det burde vere, og han sette det i perspektiv, og la til litt her og der. Han likte alltid den nyaste teknologien, så det var noko som heitte ein Time Cube som du kunne sende signalet inn i. Det var eit stort plastikkrøyr med nokre bøyingar her og der - og når lyden kom ut i den andre endre, skaut det liksom mot deg med ein ekkoeffekt. Han nytta den effekten på gitaren i «Gimme Danger», ein vakker gitarekko som verkeleg fungerte. Og på trommene på «Your Pretty Face Is Going To Hell». Konseptet hans var «Du er så primitiv at trommene dine burde høyrast ut som nokon slår på ein trekubbe.» Han gjorde ikkje ein dårleg jobb...eg er stolt over det eksentriske, merkelege plata som kom ut.[16] »

Bowie sa seinare:

« ...den mest absurde situasjonen eg har møtt i studio var då eg arbeidde med Iggy Pop. Han ville ha meg til å mikse Raw Power, så han gav meg dette lydbandet med 24 spor, og sette det opp. Han hadde bandet på eitt spor, sologitaren på eit anna og seg sjølv på eit tredje. Av 24 spor nytta han berre tre spor. Han sa 'sjå kva du kan gjere med dette'. Eg sa, 'Jim, det er ikkje noko her å mikse'. Så me berre skyvde vokalen opp og ned ein del. På minst fire eller fem songar var det alt, inkludert «Search and Destroy». Den har så rar lyd fordi alt me gjorde var å stundom skyve sologitaren opp og ta han ut.[17] »

Første reaksjonar endre

Raw Power kom ut (i Amerika i mai 1973 og i Storbritannia månaden etter) som eit album av «Iggy and the Stooges», i motsetnad til dei to første albuma som berre var tilskriven «The Stooges». Bilete på plateomslaget var teken av rockefotografen Mick Rock. Songane «Search and Destroy» og «Shake Appeal» vart begge gjevne ut som singlar. Trass i gode meldingar, selde Raw Power dårleg og nådde berre 182. plass på Billboardlista. Gruppa turnerte i om lag eitt år før dei vart droppa frå kontrakten av Columbia. The Stooges vart òg dumpa av MainMan - Tony DeFries mista tolmotet med bandet etter å ha tapt store summar som han hadde gjeve i forskot og som vart nytta på dop. The Stooges vart oppløyste i februar 1974. Etter å ha vore ei stund i det dop-tunge L.A. - og seinare lagt seg sjølv inn på UCLA nevropsykriatiske institutt - slo Iggy Pop seg saman med Bowie og starta ein karriere som soloartist i 1976.

Ettermæle endre

Trass i dårlege salstal i starten, voks ryktet til Raw Power mykje dei neste åra, og volumet og villskapen vart ein standard som seinare album vart samanlikna med.

Songar og gitarist Kurt Cobain frå bandet Nirvana skreiv i dagboka si fleire gonger at dette var favorittalbumet hans. Johnny Marr frå The Smiths talte òg særs varmt om Raw Power, og sa om gitarspelinga til James Williamson på albumet: «Eg er hans største tilhengjar. Han er like teknisk dyktig som Jimmy Page utan å vere for studioprega, og har brautinga til Keith Richards utan å vere slurvete. Han er både demonisk og intellektuell, nesten slik ein kan tenke seg det hadde høyrst ut om Darth Vader spelte i eit band.»[18]

Piratkopiar av dei originale miksane til Pop sirkulerte blant tilhengjarane i fleire år. I 1995 vart eit utval av desse gjevne ut av Bomp Records som Rough Power. Tilhengjarar og kritikarar var samde i at dei originale miksane var interessante, men ikkje nødvendigvis betre enn Bowie-miksen. Iggy sa om Rough Power at «det David og eg kom opp med var betre enn det der.»[16]

Lovord endre

  • Mojo plasserte albumet på lista 70 from the 1970s: Decade’s Greatest Albums.
  • Kerrang! kåra albumet til det 36. mest innverknadsrike albumet gjennom tidene.
  • Pitchfork kåra albumet til det 83. beste frå 1970-åra.
  • I 2003 vart Raw Power rangert på 125. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[19]

Ny miks endre

I 1996 inviterte Columbia Records Iggy Pop til å lage ein ny miks av heile albumet for ei ny utgjeving på CD. Iggy sa i tekstomslaget at om han hadde avslått tilbodet, ville studioet ha miksa albumet utan hans løyve. Iggy sa at oppfordring frå tilhengjarar og andre musikarar, at Rough Power alt var ute, og kor mykje han mislikte den originale CD-utgåva frå 1989, samt at Columbia var i ferd med å gje ut ein ny miks på Legacy Recordings som faktorar for at han gjekk med på mikse plata om att. Dette vart gjort i Sony Music Studios i New York i 1996. Den nye miksen av Raw Power kom ut 22. april 1997. I tekstomslaget til albumet seier Iggy:

« I etterkant trur eg at dei små tinga Bowie gjorde med miksen hjelpte og eg trur nokre av dei tinga MainMan gjorde hjelpte, og meir enn noko anna, drog heile erfaringen meg ut av Detroit og ut på verdsscenen. Eg lærte òg særs mykje då eg var over i England og eg byrja å tenkje annleis. Det førte til eit særs ambisiøst arbeid, og det var bra. Men verken Bowie sin miks eller min eigen tidlegare miks klarte å rettferdiggjere krafta bandet hadde, eller sjølv leselegheita i vokalen…eg føler at eg no har stillinga og ekspertisen til å gje dette den lyden det fortener, og eg har ikkje gjort det tidlegare. Så det er på ein måte som om eg gjer det ferdig. Eg trur ikkje du kan slå miksen til David. Den er særs kreativ. Men dette er berre ein enkel, beint fram miks av eit kraftfullt band. Eg føler dette har lukka albumet og det vart ein bra ting.[16] »

På den andre sida har somme tilhengjarar, som gitaristen Robert Quine, følt at den nye miksen var like utru mot songane som den originale miksen frå 1973, og i tillegg at lyden vart forvrengd i den nye miksen.[20] I plateomslaget skriv Pop at ein av intensjonane hans med den nye miksen var å halde lydnivået oppe på det raude heile vegen (og slik med vilje skape ei slik forvrenging), og samstundes gjere musikken meir «kraftig og lyttbar». Den nyu versjonen er utan tvil albumet med høgast volum som er gjeven ut, og når ein RMS på -4 dB, som er sjeldan sjølv etter vår dagars standard.

James Williamson og Ron Asheton har begge sagt at dei føretrekk den originale miksen til Bowie framfor den nye miksen.

The Masters Edition endre

Sony Legacy Recordings gav ut ei deluxe-utgåve av Raw Power den 13. april 2010. Raw Power: The Masters Edition inneheld den originale miksen til David Bowie, eit konsertopptak frå miksepulten frå Atlanta i oktober 1973, og tekst skriven av biografen Jeffrey Morgan.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Iggy Pop & James Williamson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Search and Destroy»3:29
2.«Gimme Danger»3:33
3.«Your Pretty Face Is Going to Hell»4:54
4.«Penetration»3:41
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Raw Power»4:16
6.«I Need Somebody»4:53
7.«Shake Appeal»3:04
8.«Death Trip»6:07

Deluxe Edition endre

Disk to - Georgia Peaches (Live at Richards, Atlanta, GA, oktober 1973)
  1. "Introduction"
  2. "Raw Power"
  3. "Head On"
  4. "Gimme Danger"
  5. "Search And Destroy"
  6. "I Need Somebody"
  7. "Heavy Liquid"
  8. "Cock In My Pocket"
  9. "Open Up And Bleed"
  10. "Doojiman" (outtake from the session for "Raw Power")
  11. "Head On" (Rehearsal Performance from CBS Studios rehearsal tape)
Disk tree- Rarities, Outtakes & Alternatives From The Raw Power Era
  1. "I'm Hungry"
  2. "I Got A Right"
  3. "I'm Sick Of You"
  4. "Hey, Peter"
  5. "Shake Appeal"
  6. "Death Trip"
  7. "Gimme Danger"
  8. "Your Pretty Face Is Going To Hell"
Bonus-DVD
  • Dokumentar av Morgan Neville
  • Konsertopptak frå Festival Planeta Terra, Sao Paulo i Brasil - november 2009

Medverkande endre

The Stooges

Andre medverkande

  • David Bowie – piano, perkusjon, miksing (1973-utgåva)
  • Bruce Dickinson – leiande produsent på 1997-utgåva

Kjelder endre

  1. «Raw Power». Iggy and the Stooges. Sony Music Entertainment. Henta 5. mai 2018. 
  2. Agarwal, Manish (April 2007). «The Weirdness (Virgin)». Mojo (161). «Ignored at the time, the first three Stooges records are now seen as proto-punk landmarks: 1969's deadpan nihilistic debut; 1970's molten masterpiece Funhouse and 1973's sleazy, volatile Raw Power.» 
  3. Kent, Nick (2010). Apathy for the Devil. Faber & Faber. s. 381. ISBN 0571258387. Henta 27. juni 2013. 
  4. Mark Deming. «Raw Power». AllMusic. Henta 5. mai 2018. 
  5. Kot, Greg (22. juli 1990). «Pop On Pop: Iggy Rates His Own Music (and So Do We)». Chicago Tribune. Henta 5. mai 2018. 
  6. Christgau, Robert (1981). «Iggy and the Stooges: Raw Power». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Da Capo Press. ISBN 0306804093. Henta 5. mai 2018. 
  7. Larkin, Colin (2011). «The Stooges». The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958. 
  8. Graff, Gary (1996). «The Stooges». I Graff, Gary. MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Detroit: Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  9. «Review». Q: 126. August 1994. 
  10. Coleman, Mark (1992). «The Stooges». I DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly. The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 676–77. ISBN 0679737294. 
  11. Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). «The Stooges». Spin Alternative Record Guide. New York: Vintage Books. s. 378. ISBN 0-679-75574-8. 
  12. Christgau, Robert (January 1998). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 5. mai 2018. 
  13. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. oktober 2014, henta 16. oktober 2011 
  14. http://www.imagineechoes.com/2010/04/iggy-and-stooges-raw-power-legacy.html
  15. Iggy Pop, Raw Power CD liner notes (1997)
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Raw Power CD liner notes (1997)
  17. Horkins, Tony (December, 1991). «TIN MACHINE: BOWIE & GABRELS - David Bowie interview». International Musikar. Henta 16. oktober 2011. 
  18. Hodgkinson, Will; Petridis, Alexis (11 mars 2010). «The world was not ready for Iggy and the Stooges». The Guardian. Henta 16. oktober 2011. 
  19. «500 Greatest Albums: Raw Power». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 23. januar 2012. Henta August 13, 2011. 
  20. Gross, Jason (1997). «Robert Quine interview». Perfect Sound Forever. Arkivert frå originalen 31. mai 2021. Henta 16. oktober 2011. 
  21. http://articles.chicagotribune.com/2010-08-27/features/ct-ott-0827-iggy-pop-20100827_1_scott-asheton-ron-asheton-stooges

Bakgrunnsstoff endre