Rayman 3: Hoodlum Havoc

Rayman 3: Hoodlum Havoc er eit plattformspel utvikla av Gameloft, Ubisoft og Ubisoft Shanghai. Det blei gjeve ut på Nintendo GameCube, PlayStation 2, Xbox og PC i 2003 og for Mac OS X i 2004. Spelet er det tredje i Rayman-serien. Spelet handlar om Rayman som må stoppe André, ein vond svart «lum», frå å overta verda Rayman bur i. Spelet har aldersgrense 3+ i Europa.

'Rayman 3: Hoodlum Havoc'
Utviklar(ar)Ubisoft Shanghai/ Ubisoft
Utgjevar(ar)Ubisoft
DistributørNintendo eShop, GOG.com, PlayStation Store
Design(ar)Michaël Janod
ForfattarDavid Neiss
SerieRayman
Plattform(er)GameCube, Game Boy Advance, PlayStation 2, Xbox, Windows, PlayStation Network, Xbox Live Arcade
UtgjevingEU: 21. februar 2003
NA: 2. mars 2003
SjangerPlattformspel
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Del av serien Rayman-serien
←Rayman 2: The Great Escape  ·

Kontrollar endre

Rayman blir kontrollert på same vis som i føregangaren Rayman 2: The Great Escape, men i staden for «Energy Spheres» som han hadde der, har han «Laser Washing Powder». I løpet av spelet finn han fem forskjellige av desse, som er:

  • The Vortex : sender ut flammande mini-tornadoar i staden for eit vanleg slag.
  • Heavy Metal : gjer Rayman sterkare slik at han kan bryte ned dører.
  • Lockjaw : gjer utrekkbare klo-våpen som brukast til å feste seg på/klinke på ting og gje elektrosjokk til fiendar eller svinge seg over område.
  • Shock Rocket : lèt Rayman styre ein fjernstyrt rakket.
  • Throttle Copter : lèt Rayman fly vertikalt ei avgrensa tid.

Handling endre

  Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

André er sagt å ha oppstått ut ifrå vondskap og er leiaren av dei vonde eller svarte «lums». Ei natt forvandlar han dei raude lums til svarte lums. André og dei svarte lums samlar pels og hår frå dyr og forkler seg som «hoodlums». Murfy, ein av innbyggjarane, oppdagar dei. Ikkje lenge etter oppdagar André sjølv at Murfy gøymer seg og byrjar å følgje etter han. Murfy spring tilfeldigvis inn stien der Rayman og venen hans Globox ligg og søv. Akkurat når Murfy er ved dei, vaknar Globox av oppstyret. Når Globox blir klar over situasjonen hjelper han Murfy å få Rayman, som endå søv, i sikkerheit. Globox riv ved eit uhell av hendene til Rayman og ber Murfy fly Rayman i sikkerheit ved å løfte han etter håret. Globox spring så vekk i sikkerheit sjølv, framleis berande på hendene til Rayman.

Snart er det fleire og fleire «Hoodlums» som angrip området. Rayman og Murfy finn Globox som gøymer seg i ei tønne, etter å ha gått eit stykke når dei kom til Council. Men Globox blir vettskremt når «Hoodlums» kjem akkurat etter at Rayman har fått tilbake hendene sine og spring vekk. «Hoodlums» stikk av vidare inn til The Fairy Castle. Mens Rayman og Murfy følgjer etter dei, finn dei ut at planen til André er – å nå Heart of the world og skape ein hær med vonde lums. Når Rayman finn Globox igjen, har Globox klart å svelgje skapningen André. Etter dette prøver Rayman å finne ein doktor som kan hjelpe Globox.

På vegen møter Rayman tre doktorar som han har fire møter med Globox med. Han møter (etter rekkjefølgje) “Otto Psi“, “Romeo Patti” og “Art Rytus”. Seinare i spelet møter han alle på same tid. Dei prøvar å hjelpe Globox ved å pirre André med kroppsmusikk (som André mislikar strekt). Når dei mislykkast, har dei sendt Globox vidare til den neste doktoren. På veg frå den eine doktoren til den andre er det at Rayman støytar på fleire av André's "lums" og han sjølv, samt andre vonde vesen.

Når Rayman vinn over ein av dei vonde vesena, Knaaren, slår dei og André seg saman for å lage meir trøbbel for Rayman. Dei tilkallar Reflux.

Rayman nedkjempar Reflux, gjer André om til ein raud "lum" igjen og vendar tilbake til der historia byrja saman med Globox.

Andre utgåver av spelet endre

Rayman 3: Hoodlum Havoc HD endre

Rayman 3: Hoodlum Havoc HD blei annonsert i november 2011 av Ubisoft og utgjeve 23.mars 2012. Spelet manglar den opphavlege introen (med Groove Armada sangen "Madder") og bonusvideoane "wanna Kick Rayman".[treng kjelde] Spelet køyrer i 60 bilete per sekund, i ei oppløysning på opp til 1080p.

Handhalden versjon endre

Som eit motstykke til dei tredimensjonale konsoll-versjonane av spelet, er Game Boy Advance og N-Gage versjonane av spelet todimensjonale plattformspel og blir kontrollerte på same vis som i det opphavlege Rayman-spelet.

Omtalar endre

Rayman 3 fekk generelt god omtale. Spelet har blitt rosa for gode lydeffektar, musikk og grafikk.

Sjå også endre

Kjelder endre