Raymond Johansen

norsk politikar

Raymond Johansen (fødd 14. februar 1961 i Oslo) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Sidan 21. oktober 2015 har han vore byrådsleiar i Oslo.[1]

Raymond Johansen

Raymond Johansen i 2015.
Fødd14. februar 1961 (63 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
EktefelleChristin Kristoffersen, Carolina Maira Johansen
Alle verv
Raymond Johansen i 2012.

Politisk karriere endre

Johansen var tidlegare medlem av Sosialistisk Venstreparti, og har mellom anna vore leiar i Sosialistisk Ungdom frå 1986 til 1988, dvs. mellom leiarperiodane til Kristin Halvorsen og Paul Chaffey og i Oslo SV i perioden mellom 1990 og 1991. Før han vart politikar, var han både røyrleggjarlærling, lastebilsjåfør og pleieassistent.[2] Johansen er utdanna røyrleggjar, og var med som fagmann i hjelpearbeidet til Røde Kors etter jordskjelvet i Armenia i 1989.

Johansen var ein av tre SV-byrådar i det samarbeidsbyrådet som Rune Gerhardsen leidde i Oslo frå 30. september 1992 til 25. oktober 1995, og var då byråd for miljø og samferdsle. Under folkeavstemminga om EU i 1994 markerte byrådane Raymond Johansen og Terje Kalheim seg som EU-tilhengjarar. Etter kommune- og fylkestingsvalet i 1995, melde dei begge overgang til Arbeidarpartiet.[3]

Som statssekretær arbeidde Johansen med internasjonale ikkje-europeiske spørsmål, ikkje minst med fredsarbeidet i Palestina, Sudan, Eritrea, og Afrika elles. Frå 1996 til 2000 var Johansen avdelingsdirektør i NORAD. Fredsarbeid og utviklingsspørsmål er dei fremste interessefelta til Johansen i utanrikspolitikken, og i eigenskapen som statssekretær overlappa ansvarsområdet hans delvis fagfeltet til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

På landsmøtet i Arbeidarpartiet 21. april 2009 vart han vald som partisekretær etter Martin Kolberg, før det arbeidde han som statssekretær i Utanriksdepartementet. Han hadde også same funksjon i regjeringa Stoltenberg I, frå våren 2000 til oktober 2001. Etter valnederlaget til Arbeidarpartiet ved stortingsvalet i 2001 leidde Johansen det interne utvalet som studerte valnederlaget og føreslo tiltak for å gjenreise tilliten til partiet. Han var i mellomtida generalsekretær i Flyktninghjelpen frå 2002 til 2005.

I 2022 gav Johansen ut ei bok, Gjennom krisa, om korleis det hadde vore å vera byrådsleiar under koronapandemien.[4]

Fotball endre

Johansen og heile familien hans er Vålerenga-supporterar. I slutten av juli 2007 tok Raymond Johansen over som leiar for elitestyret i Vålerenga Fotball etter Espen Musæus.

Kjelder endre

  1. «Biografi Raymond Johansen». Oslo kommune. Henta 11. februar 2023. 
  2. Hvem er hvem?, s. 291
  3. Tvedt, K.A. (23. november 2021) Raymond Johansen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. februar 2023.
  4. «Gjennom krisa». Cappelen Damm. Henta 11. februar 2023. 

Litteratur endre

  • Janne Haaland Matlary: «Johansen, Raymond» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Raymond Johansen