Recanati

kommune i Italia

Recanati er ein by og ein kommune i provinsen Macerata i regionen Marche i Italia. Kommunen har 21 000 ibuarar over eit areal på 102 km². Byen ligg 296 meter over havet, ca 30 kilometer sør for regionshovudstaden Ancona. Til Adriahavet er det 10 km.

Recanati vart grunnlagd rundt 1150, der det allereie fanst tre borger. I 1290 kunngjorde byen seg som sjølvstendig republikk, men vart etter nokre tiår underlagt pavestolen. På 1400-talet var byen åstad for ein stor marknad. Napoleon Bonaparte sin hær erorbra byen i mars 1798. Sidan 1860 har Recanati vore del av staten Italia.

Både songaren Beniamino Gigli og poeten Giacomo Leopardi vart fødde i Recanati.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre