Red & Gold
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt September til november 1988 i Woodworm Studios i Barford St. Michael i Oxfordshire
Sjanger Folkrock
Selskap Rough Trade
Produsent Simon Nicol
Kritikk
Fairport Convention-kronologi 
In Real Time: Live '87
(1987)
Red & Gold The Five Seasons
(1990)


Red & Gold er eit album av folkrockbandet Fairport Convention frå 1988.

Noko som var uvanleg var at albumet vart gjeven ut på selskapet Rough Trade, og dette fekk David Fricke, kritikar i Rolling Stone til å kommentere «Det eldste folkrockbandet i Storbritannia som enno eksisterer har allierte seg med det erketypiske indie-punkrock-selskapet! Sjølv for Fairport Convention, som har trassa tid, tidvatn og trauma i jakten på den elektriske folkedraumen, er det å strekkje seg langt.»[1]}} Det einaste Fairport hadde oppdatert seg med sidan sist var at dei nytta MIDI for somme instrument.

Tittelsporet vart skriven av Ralph McTell og fortel soga om slaget ved Cropredy Bridge som skjedde i 1644 under den engelske borgarkrigen. Staden har sterke band til Fairport Convention og er staden der den årlege musikkfestivalen vert halden.

Albumet gjekk inn på den britiske albumlista den 28. januar 1989 og låg ei veke på 74. plass.[2]

Innhald endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Set Me Up»Dave Whetstone04:23
2.«The Noise Club»Maartin Allcock03:12
3.«Red and Gold»Ralph McTell06:44
4.«The Beggar's Song»Trad. arr. Allcock03:33
5.«The Battle»Ric Sanders01:09
6.«Dark Eyed Molly»Archie Fisher04:34
7.«The Rose Hip»Sanders04:24
8.«London River»Rod Shearman02:59
9.«Summer Before the War»Huw Williams04:33
10.«Open the Door Richard»Bob Dylan4:57
Bonusspor på 1995-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Close to the Wind» (live)Marson06:09

Medverkande endre


Kjelder endre

  1. Fricke, David (1989). «Red & Gold : Fairport Convention». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. januar 2009. Henta 2. februar 2011. 
  2. Den britiske salslista
  3. «allmusic ((( Red & Gold > Credits )))». www.allmusic.com. Henta 2. februar 2011.