Regelbau 638: Kleine Sanitätsunterstand

Før og under andre verdskrigen bygde Wehrmacht ei rekkje standardiserte bunkerar og våpenstillingar i Tyskland og tysk-okkuperte land. Desse bygga vart kalla Regelbau, dvs. standardiserte bygg. Regelbau 638, var ein bunker for sanitetsstøtte (Kleine Sanitätsunterstand).

På Fjell festning utanfor Bergen finst ein fullt restaurert Regelbau 638. Bunkeren vart i 2009–2010 restaurert innvendig med tidsriktig, tysk lege- og sanitetsutstyr frå Andre verdskrig av Fjell Festnings Militærhistoriske Samlinger.