Regionen Madrid (spansk Comunidad de Madrid) er ein av sytten autonome regionar i Spania. Det ligg midt i landet og på Den iberiske halvøya, samt Meseta Central eller Den sentrale sletta. Regionen utgjer òg provinsen Madrid og her ligg hovudstaden i Spania. Regionen og provinsen grenser i sør og aust til Castilla-La Mancha og i nord og vest til Castilla y León. Regionen har om lag 6,2 millionar innbyggjarar, dei fleste i storbyområdet rundt Madrid.[2]

Regionen Madrid
region
Flagg
Symbol
Land  Spania
Areal 8 028 km²
Type Autonom region
Folketal 7 000 621 (2023)[1]
Postnummer M
Kart
Regionen Madrid
40°25′31″N 3°41′26″W / 40.42526°N 3.69063°W / 40.42526; -3.69063
Wikimedia Commons: Community of Madrid

Opprettinga av regionen var mykje omdebattert i perioden før dei autonome regionane i Spania vart oppretta. Regionane skulle skapast av ein eller fleire provinsar med ein visst regional identitet, og sidan Madrid i alle år hadde vore ein del av den historiske regionen Castilla og Ny-Castilla, var planen først at Madrid skulle vere ein del av regionen Castilla-La Mancha.[3] Madrid skulle i så fall få ein spesiall status i regionen, noko resten av provinsane i Castilla-La Mancha motsette seg. Til slutt vart det avgjort at Madrid skulle verte ein eigen region, trass i at grunnlova sa at berre regionar med historisk identitet skulle opprettast. Dette meinte ein derimot var til «nasjonen sitt beste».

Byen Madrid (spansk Villa de Madrid) var hovudstad i regionen.

Historie endre

Før-historie og vestgotisk kongedøme endre

 
Førhistorisk krukke frå Ciempozuelos, utstilt på Det nasjonale arkeologimuseumet i Spania (Madrid)

Området rundt Madrid har vore busett sidan nedre steinalder og det er gjort fleire arkeologiske funn, mellom anna ein bjølleforma vase frå mellom 1970 og 1470 f.Kr.[4] Under Romarriket vart regionen ein del av provinsen Citerior Tarraconese, bortsett frå den sørvestlege delen som høyrte til Lusitania. To viktige romerske vergar kryssa området, via xxiv-xxix og via xxv. Byen Complutum (i dag Alcalá de Henares) vart ein viktig metropolis, medan Titulcia og Miaccum vart viktige stader ved vegkryssa.

Under Det vestgotiske kongedømet vart regionen mindre viktig. Folkesetnaden vart spreidd mellom fleire småbyar. Alcalá de Henares vart bispesete på 400-talet, men dette var ikkje nok til å gje liv til den gamle storslåtte byen.

Al-Andalus endre

Dei sentrale områda av halvøya var eit av dei minst folkesette områda i Al-Andalus fram til 1000-talet då det vart ein viktig og strategisk militærpost. Dei muslimske guvernørane bygde eit forsvarssystem av festningar og tårn over heile regionen for å stoppe dei framrykkande kristne kongedøma i nord.

Festninga Mayrit (Madrid) vart bygd mellom 860 og 880 e.Kr. der militære og religiøse samfunn levde og danna eit grunnlag for byen. Han vart raskt den mest strategiske festninga i forsvaret av byen Toledo. I 1083 erobra kong Alfonso VI av Castilla Madrid og to år seinare to han Toledo. Alcalá de Henares fall i 1118 og vart lagt under Castilla.

Kristen folkesetnad endre

 
Manzanares-borga

Det tok om lag 400 år å folkesette dei nyerobra områda og områda delte seg i fleire forskjellige grupper. Dei føydale herrane kom i stadig konflikt med dei forskjellige råda som styrte dei forskjellige gruppene.

På 1200-talet var Madrid den einaste byen i regionen som bevarte sin eigen juridiske personlegdom, først med Gamle Fuero (løyve) og seinare med det Kongelege Fuero, gjeve av Alfonso X av Castilla i 1262 og ratifisert av Alfonso XI i 1339. Byane Buitrago de Lozoya, Alcalá de Henares og Talamanca de Jarama, som stadig vart folkesett på ny i det hundreåret, vart under dei føydale herrane eller prestestanden sitt styre. Alcalá de Henares vart styrt av erkebiskopen av Toledo fram til 1800-talet.

Rundt byen Madrid vart eit administrativt område kalla Tiera de Madrid (landet til Madrid) skapt. Dette rådet var i konstant strid med Segovia, som var ein av dei viktigaste byane i Castilla, sidan begge kjempa kom kontroll over Real de Manzanares, eit stort fylke som til slutt vart gjeve til Huset Mendoza.

Madrid vert hovudstad endre

 
Kart over provinsen Madrid

Dei kastiljanske monarkane viste ein forkjærleik for senteret av halvøya, der det var mange skogar og mykje å jakte på. El Pardo var ein region som vart mykje vitja av kongane, sidan Henrik III si tid på 1300-talet. Dei katolske kongane bygde kongepalasset Aranjuez. På 1500-talet vart San Lorenzo de El Escorial bygd og vart ein annan kongeleg stad i provinsen.

Byen Madrid, som var ein av atten byar med rett til å stemme i den kastiljanske retten, var sete for sjølve Tinget ved fleire høve og fleire monarkar var busett her, mellom anna keisar Karl I som refomerte og utvida Alcázar eller Byslottet. I tillegg til at byen fekk stadig meir politisk makt, vart han òg eit kultursenter med Universitetet Alcalá de Henares i 1508.

I 1561 gjorde kong Fillip II Madrid til hovudstad i riket. Dei omliggande områda vart økonomisk underlagt sjølve byen, sjølv utanfor dagens regionsgrenser. Det var derimot ikkje ein samla region sidan fleire herrar og kyrkjer hadde styres over sine eigne sjølvstyrte område.

På 1700-talet vart det gjort fleire mislykka forsøk på å løyse denne oppdelinga. Dette hadde ein negativ effekt på den økonomiske veksten til regionen. Medan Madrid som hovudstad mottok økonomiske ressursar frå heile landet, vart adelsmennene og prestestanden i dei omliggande områda stadig fattigare.

På 1700-talet fekk Madrid fleire grandiose bygningar og monument, samt fleire sosiale, økonomiske og kulturelle institussjonar. Nokre av dei eksisterer framleis. Madrid hadde om lag 150 000 innbyggjarar på slutten av 1700-talet.

 
Kart over provinsen Madrid, frå 1868

Provins og autonom region endre

I 1833 vart ei ny administrativ inndeling av landet sett i verk og provinsen Madrid vart skapt. Provinsen låg i regionen Ny-Castilla (i dag Castilla-La Mancha).

På 1900-talet vart alle regionane i Spania gjort om til autonome regionar, og Regionen Madrid var den siste av dei autonome regionane som vart oppretta.

Geografi endre

 
Peñalara, det høgaste fjellet i Guadarramafjella.

Trass i ein storby med om lag 5 millionar menneske har regionen Madrid framleis nokre urørte landskap. Madrid har fleire fjell som stig over 2000 meter over havet, steineikskogar og lågtliggande sletter. Fjellsidene i Guadarramafjella er dekt av tett skog av furu og eik. I Lozoyadalen finn ein store koloniar av munkegribbar og ein av dei siste områda der ein finn spansk keisarørn. I tillegg er det observert gaupe i skogane her.

Nesten heile rpovinsen ligg mellom 600 og 1000 meter over havet og det høgaste punktet er Peñalara på 2430 moh, og det lågaste er Albercheelva i Villa del Prado på 430 moh.

Klima endre

Regionen Madrid har eit temperert kontinentalt middelhavsklima med kalde vintrar og temperaturar stundom under 0 °C. Det er om lag to til tre lette snøfall kvart år. Somrane er som regel varme med temperaturar over 30 °C i juli og stundom over 40 °C. Sidan Madrid ligg i høgda og klimaet er tørt, er nattetempeaturane ofte låge samanlikna med lågare høgder om sommaren. Den middelårsnedbøren er om lag 500 mm, jamt spreidd utover året, med dei våtaste periodane om våren og hausten.[5]

 
Madrid climate chart (Retiro)
Parque del Buen Retiro Observatory
1971-2000 Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Total
Maks.
temperatur(°C)
9.7 12.0 15.7 17.5 21.4 26.9 31.2 30.7 26.0 19.0 13.4 10.1 19.4
Min.
temperatur (°C)
2.6 3.7 5.6 7.2 10.7 15.1 18.4 18.2 15.0 10.2 6.0 3.8 9.7
Nedbør (mm) 37 35 26 47 52 25 15 10 28 49 56 56 436

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Regionen Madrid