Regnskogen i Amazonas

Regnskogen i Amazonas er ein økoregion i eit fuktig tropisk regnskogsbiom som dekkjer det meste av Amazonasbekkenet i Sør-Amerika. Dette nedbørsfeltet omfattar ca. 7,3 millionar km²,[2][3] kor 5,5 millionar km² er dekt av regnskogen. Regionen inkluderer territorium som tilhøyrer ni nasjonar og 3 344 formelt anerkjende urfolksterritorium.

Regnskogen i Amazonas
Økoregion
Flyfoto nær Manaus
Land  Brasil,  Peru  Colombia,  Bolivia  Ecuador,  Venezuela  Fransk Guyana,  Guyana  Surinam
Del av Sør-Amerika
Areal 5 500 000 km²
Folketal 34 000 000[1]
Wikimedia Commons: Amazon Rainforest

Størstedelen av skogen, 60 %, er i Brasil, følgt av Peru med 13 %, Colombia med 10 %, og med mindre mengder i Bolivia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Surinam og Venezuela. Fire nasjonar har «Amazonas» som namnet på ein av dei administrative regionane sine på første nivå, og Frankrike bruker namnet «Guiana Amazonian Park» for verna regnskogområde i Fransk Guyana. Amazonas representerer over halvparten av jordas attverande regnskogar,[4] og omfattar den største og mest biologisk mangfaldige delen av tropisk regnskog i verda, med om lag 390 milliardar individuelle tre fordelt på rundt 16 000 artar.[5]

Meir enn 30 millionar menneske av 350 ulike etniske grupper lever i Amazonas, som er delt inn i 9 ulike nasjonale politiske system og 3344 formelt anerkjende urfolksterritorium. Urfolk utgjer 9 % av den totale befolkninga, og 60 av gruppene held stort sett fram med å leve isolerte.[6]

Storskala avskoging skjer i regnskogen, og skaper ulike skadeverknader. Økonomiske tap på grunn av avskoging i Brasil kan vere omtrent 7 gonger høgare samanlikna med kostnadene for alle varer produserte gjennom avskoging. I 2023 publiserte Verdsbanken ein rapport som foreslo eit ikkje-avskogingsbasert økonomisk program i regionen.

Etymologi endre

Under reisa i 1541-1542 frå Napo i Ecuador nedstraums mot Atlanterhavet, nådde Francisco de Orellana territoriet til piratapuyo-folket og kom i strid med dei. Kvinnene i stammen kjempa ved sida av mennene, slik skikken deira var. Orellana namnsette Amazonaselva frå myter om amasonane i gresk mytologi, skildra av Herodot og Diodorus.[7] Opphavet til termen Amazon er uklårt.[8]

Geografi endre

 
Manaus, med 2,2 millionar innbyggjarar, er den største byen i Amazonasbassenget
 
Yanomamiar er ei gruppe på omtrent 32 000 urfolk som lever i Amazonas regnskog.[9]
 
Medlemmer av ein ukontakta stamme som vart møtt i den brasilianske delstaten Acre i 2009
 
Ribeirinhos bustader. Ribeirinhos er eit tradisjonelt samfunn av ikkje-urfolk i Amazonas regnskog, som lever nær elver

Plassering endre

Utstrekninga av Amazonasbassenget, som i stor grad samsvarar med mesteparten av regnskogen, er innanfor grensene til ni land, det meste, 58,4 %, ligg innanfor Brasil. Fordelinga av arealet mellom dei andre landa er Peru med 12,8 %, Bolivia med 7,7 %, Colombia med 7,1 %, Venezuela med 6,1 %, Guyana med 3,1 %, Surinam med 2,5 %, Fransk Guyana med 1,4 % og Ecuador med 1 %.[10]

Opphavet endre

Regnskogen vart sannsynlegvis danna under eocen-tida frå 56 millionar år til 33,9 millionar år sidan. Han dukka opp etter ein global reduksjon av tropiske temperaturar då Atlanterhavet hadde utvida seg tilstrekkeleg til å gi eit varmt, fuktig klima til Amazonasbassenget. Regnskogen har eksistert i minst 55 millionar år, og det meste av regionen heldt fram med å vere fri for biom av savannetypen i det minste fram til den noverande, kenozoiske, istida då klimaet var tørrare og savannane meir utbreidde.[11][12]

Etter krit-tertiær-utryddinga, kan utryddinga av dinosaurane og det våtare klimaet ha tillate den tropiske regnskogen å spreie seg ut over kontinentet. Frå 66 til 34 millionar år sidan strekte regnskogen seg så langt sør som 45°. Klimasvingingar dei siste 34 millionar åra har tillate savanneregionar å utvide seg inn i tropane. Under oligocen, til dømes, spente regnskogen over eit relativt smalt band. Han utvida seg igjen i løpet av midt-miocen, og trekte seg deretter tilbake til ein for det meste innlandsformasjon ved det siste ismaksimumet.[13] Likevel klarte regnskogen framleis å trivast under desse istidene, noko som mogleggjorde overleving og utvikling av eit breitt mangfald av artar.[14]

Ein trur at dreneringsbassenget til Amazonas i løpet av midtre eocen vart delt av eit vasskilje (Purus-bogen, ein invertert graben) langs midten av kontinentet. Vatn på austsida rann mot Atlanterhavet, medan i vest strøymde vatn mot Stillehavet over Amazonas-bassenget. Då Andesfjella reiste seg i vest, vart det skapt eit stort basseng som omgav ein innsjø; no kjent som Solimões-bassenget. Dei siste 5–10 millionar åra braut dette akkumulerande vatnet gjennom Purus-bogen og slutta seg til den austlige straumen mot Atlanterhavet, Amazonaselva.[15][16]

Det er bevis på at det har vore store endringar i Amazonas regnskogvegetasjon dei siste 21 000 åra gjennom det siste ismaksimumet (LGM) og følgjande deglasiasjon. Analysar av sedimentsavsetjingar indikerer at nedbøren i Solimões-bassenget under LGM var lågare enn no, og dette var nesten heilt sikkert assosiert med redusert fuktig tropisk vegetasjonsdekke i bassenget.[17] I dag får Amazonas omtrent 2700 mm nedbør årleg. Det er likevel ein debatt om kor omfattande denne reduksjonen var.

Støv frå Sahara vart blåst til Amazonas endre

Meir enn 56 % av støvet som gjødslar Amazonas regnskog kjem frå Bodélé-depresjonen i Nord-Tsjad i Sahara. Støvet inneheld fosfor, viktig for plantevekst. Det årlege Sahara-støvet erstattar tilsvarande mengd fosfor som årleg blir vaska bort i amazonasjord frå regn og flaum.[18]

Med hjelp av «miljøsatellitten» CALOPSO har ein målt mengda støv som blir transportert med vinden frå Sahara til Amazonas: eit gjennomsnitt på 182 millionar tonn støv vert blåst ut av Sahara kvart år, på 15 grader vestleg lengd, over 2600 km over Atlanterhavet (noko støv fell ned i Atlanterhavet), deretter på 35 grader vestleg lengd på austkysten av Sør-Amerika, fell 27,7 millionar tonn (15 %) støv over Amazonasbassenget (22 millionar tonn av det beståande av fosfor), 132 millionar tonn støv blir verande i lufta, 43 millionar tonn støv er vindblåst og fell på Karibiahavet, forbi 75 grader vestleg lengdegrad.[19]

CALIPSO bruker ein laseravstandsmålar for å skanne jordatmosfæren for vertikal fordeling av støv og andre aerosolar. CALIPSO sporar jamleg Sahara-Amazon-støvskya. CALIPSO har målt variasjonar i transporterte støvmengder – eit fall på 86 prosent mellom den høgaste mengda støv som vart transportert i 2007 og den lågaste i 2011.

Fosfor kjem også til Amazonas som røyk på grunn av biomassebrenning i Afrika.[20][21]

Menneskeleg aktivitet endre

Basert på arkeologiske bevis frå ei utgraving ved Caverna da Pedra Pintada, busette menneske seg først i Amazonas-regionen for minst 11 200 år sidan.[22] Etterfølgjande utvikling førte til sein forhistoriske busetjingar langs periferien av skogen innan 1250 e.Kr., noko som førte til endringar i skogdekket.[23]

Lenge trudde ein at Amazonas regnskog aldri var meir enn tynt folkesett, då ein meinte det dårlege jordsmonnet gjorde det umogleg å halde oppe ein stor folkesetnad. Arkeolog Betty Meggers var ein framståande talsmann for denne ideen, som skildra i boka hennar Amazonia: Man and Culture in a Counterfeit Paradise. Ho hevda at ein befolkningstettleik på 0,2 innbyggjarar per kvadratkilometer er det maksimale som kan haldast oppe i regnskogen gjennom jakt, med jordbruk nødvendig for å vere vert for ei større befolkning.[24] Nyare antropologiske funn har likevel antyda at regionen faktisk var folkerikt. Omtrent 5 millionar menneske kan ha levd i Amazonas-regionen i 1500 e.Kr., fordelt mellom tette kystbusetnader, slik som ved Marajó, og innbyggjarar i innlandet. I 1900 hadde befolkninga falle til 1 million og på byrjinga av 1980-talet var det færre enn 200 000 som levde i regionen.[25]

Frå 1970-talet og frametter, har mange geoglyfar vorte oppdaga på avskoga land som blir datert mellom 1–1250 e.Kr., noko som fremjar påstandar om førkolumbiske sivilisasjonar.[26][27][28] BBC-serien Unnatural Histories presenterte bevis på at Amazonas regnskog, snarare enn å vere ei urørt villmark, har vorte forma av mennesket i minst 11 000 år gjennom praksisar som skogshagearbeid og terra preta.[29] Terra preta finst over store område i Amazonasskogen; og er no allment akseptert som eit produkt av jordforvalting blant utfolk. Utviklinga av denne fruktbare jorda tillét jordbruk og skogbruk i det tidlegare fiendtlege miljøet; noko som betyr at store delar av Amazonas regnskog sannsynlegvis er eit resultat av hundreår med menneskeleg forvalting, snarare enn naturleg førekommande som tidlegare har vore grunn til å tru.[30] I regionen til xingufolket vart restar av nokre av desse store busetjingane midt i Amazonas-skogen funne i 2003 av Michael Heckenberger og kollegaer ved University of Florida. Blant desse var prov for vegar, bruer og store torg.[23]

Møte med europeiske folk og strid endre

Den første europearen som reiste langs Amazonas-elva var Francisco de Orellana i 1542.[31] Serien Unnatural Histories presenterer prov på at Orellana, snarare enn å overdrive påstandane sine som tidlegare trudd, var korrekt i observasjonane sine om at ein kompleks sivilisasjon blomstra langs Amazonas på 1540-talet. Det førkolumbiske jordbruket i Amazonas-bassenget var tilstrekkeleg avansert til å støtte velståande og folkerike samfunn. Det er grunn til å tru at sivilisasjonen seinare vart øydelagd av spreiinga av sjukdommar frå Europa, slik som koppar.[29] Denne sivilisasjonen vart undersøkt av den britiske oppdagaren Percy Fawcett på byrjinga av det tjuande hundreåret. Resultata av ekspedisjonane han gjorde var uslåelege, og han forsvann på mystisk vis på den siste turen han tok. Byen Z er nemninga han gav denne tapte sivilisasjonen. Munduruku er eit tidlegare krigersk folkeslag som ekspanderte langs Tapajós-elva med sideelver og vart frykta av nabostammar. På byrjinga av 1800-talet vart munduruku pasifisert og underkua av brasilianarane.[32]

På 1950-talet støtta den brasilianske oppdagaren og forsvararen av urfolka, Cândido Rondon, Villas-Bôas-brødrene i ein kampanje som møtte sterk motstand frå regjeringa og gardbrukarane i Mato Grosso og førte til etableringa av den første brasilianske nasjonalparken for urfolk langs Xingu-elva i 1961.[33]

I 1961 vart den britiske oppdagaren Richard Mason drepen av ein ukontakta amazon-stamme kjent som Panará.[34]

Matsésfolket ved Yavarí tok første gongen permanent kontakt med omverda i 1969. Før den datoen var dei faktisk i krig med den peruanske regjeringa.[35]

Biologisk mangfald, flora og fauna endre

Fuktige tropiske regnskogar er det mest artsrike biom som eksisterer på jorda,[36] og tropiske skogar i Amazonas er meir artsrike enn dei våte skogane i Afrika og Asia,[37] Amazonas har soleis ein unikt høg biodiversitet.

Det biologiske mangfaldet i Amazonas blir nå stadig meir trua, først og fremst av tap av habitat frå avskoging og dessutan auka hyppigheit av brannar. Over 90 % av Amazonas plante- og virveldyrartar (13 000-14 000 totalt) kan i ei viss grad ha vorte påverka av brannar.[38]

Vegetasjon endre

 
Oversyn skogtaket danna av trekroner. Bilete frå observasjonstårn, 50 meter over bakken, nord for Manaus

Sett ovanfrå er regnskogen i Amazonas synleg som eit einskapleg og ubrote grønt dekke som strekk seg bortom horisonten. Når ein kjem nærare byrjar blir den enorme kompleksiteten synleg som variasjon av vegetasjonen. På 4000 m² (2/3 fotballbane) har ein talt så mange som hundre treslag, og nesten ingen av dei med fleire enn eit eksemplar kvar.[39]

Skogen i Amazonas kan nett som i dei fleste regnskogane bli delt opp i ulike høgdesjikt. Øvst i regnskogen, 30 - 40 meter over bakken, strekk seg lyskrevjande kjemper som dannar det som synest som ugjennomtrengeleg skogtak, kronesjiktet. Vanlege artar i det øvste sjiktet er gummitre, paranøtter og sapucaia (paradisnøtt, Lecythis). Visse andre treslag, kalla «emergentar», veks enno høgare, opptil 60–70 meters høgd, og dannar spreidde «øyar» overfor skogtaket. Dette er emergent-sjiktet der trea har omfattande rotsystem som hjelper til å støtte trea når stormar trekkjer forbi.[39][40]

Under kronesjiktet finn ein mellomsjiktet med skuggetolerante tre, til dømes ulike artar palmar, fiken og mahogni. Ei stor mengd epifyttar, plantar som lever på andre plantar, veks opp til dette nivået. Døme på desse er tallause artar orkidear, mosar og lav. Alt er forbunde med eit omfattande nettverk av lianar.[39]

Botnsjiktet er det lågaste nivået i regnskogen er nesten utan unntak heilt i skugge. Med avgrensa lysmengd nede på bakken, vil få plantar trivest her og dei som veks her veks langsamt. På skogbotnen finst nedfallsblad og anna organisk mareriale som blir broten ned av virvellause dyr.[41][42]

Over 40 000 ulike planteartar frå Amazonas er skildra vitskapleg, men det verkelege talet venteleg langt større enn det.[43]

Insekt endre

 
Titanus giganteus, ein trebukk, ei opptil 17 lang bille frå Amazonas
 
Herkulesbille (Dynastes hercules) frå Iquitos, Peru

Det store fleirtalet av alle dyrearter i Amazonas er insekt. Overslag ligg på fleire titals millionar artar, studiar av innsamla insekt frå feltarbeid legg til fleire tidlegare ukjente artar og artsgrupper. Eit døme på det er eit innsamlingsarbeid utført ikkje langt frå Manaus i Brasil. Forskarar samla inn titusenvis av insekt frå bakkenivå og opp til 32 meters høgd. Studien av materialet fann at omtrent 60 % av insekta i regionen lever i trekroner, på nivå frå åtte meter og høgare. Det vart funne artar og heile slektsgrupper som ikkje tidlegare var skildra av vitskapen. I ei første prøvetaking på 37 778 individ var tovenger (Diptera) mest talrik med nær 17 000 individ. Sytten andre ordenar var òg representerte i prøven. Insekt som lever som predatorar, parasittar og soppetande insekt var alle representerte over ulike høgdenivå i trea.[44]

Det har lenge vore ei utbreidd tru på at insekt i tropane er både større og meir fargerike enn i tempererte strøk. Men stor diversitet blant mange grupper av insekt i tropane kan gje eit feil inntrykk. Likevel er har ei metodisk samanlikning av sommarfuglar på utvalde stader i tropisk Ecuador, subtropisk Florida og i kjølig temperert klima i Maine i USA indikert at tropiske artar har sterkaste fargemetting og sterkaste intensitet i fargene.[45]

Vitjande menneske til regnskogen i Amazonas vil ofte oppleve insekta meir leie og farlegare enn dei farane mange først tenkjer på, slik som anakondaer, pirajaer eller kaimanar. Enorme mengder mygg plagar både dyr og menneske og kan overføre sjukdommar som malaria og gulfeber. Dessutan finst det aggressive maurar som alltid gjer seg minte.[39] Paraponera er rekna å ha det mest smertefulle stikket av alle maurar.

Dei insekta som ofte blir sett på som mest utrivelege er likevel visse sandfluger, som har bit som kan klø i dagevis, somme artar som Lutzomyia, fungerer som sjukdomsvektorar i Amazonas.[46] Andre vanlege insektartar i regnskogen er eldfluger, bin, geithamsar, kvefsar, biller, kakerlakkar, skolopendrar, sikadar, skorpionar, flåttar og sommarfuglar.[39]

Pattedyr endre

 
Jaguar, ein av over 800 kjende pattedyrartane i regnskogen i Amazonas

Mellom 427[47] og cirka 800 artar pattedyr har så langt vorte konstatert leve i regnskogen i Amazonas,[48] brorparten av dei er flaggermus og gnagarar. Trass den store artsrikdomen blir besøkjande ofte overraska av at dei ser så få pattedyr. Årsaka er til stor del at mange av Amazonas pattedyr er nattaktive eller berre lever høgt oppe i trea. Mange av pattedyra er òg veldig skjerre.[49]

Den talrike gnagargruppa inkluderer flodsvin – verdas største gnagar som kan vekse til 90 kg. Òg store flaggermus lever her, visse med eit vengspenn på ein meter. I regnskogen lever òg jaguaren som er det største kattedyret i Amerika og dessutan fleire artar av beltedyr, maurslukarar og dovendyr. Aper blir sett på ofte av allmenta som det typiske dyret for Amazonas, og her blir funne òg ei stort mengd artar aper med opptil eit tital artar på same plass. Fleire artar av hjortedyr og villsvin lever òg i regnskogen, nemnast bør òg den spesielle tapiren som er det største landlevande pattedyret i Amazonas og i heile Sør-Amerika.[49][50]

I Amazonaselva lever to artar av ferskvassdelfinar. Dessutan lever den uvanlege amazonmanaten her, ein av tre artar manatar i verda.[49]

Fuglar endre

 
Tocotukan (Ramphastos toco)
 
Breinebbmotmot (Electron platyrhynchum)
 
Grønhonningetar (Chlorophanes spiza) er eit døme på ein fargerik sporvefugl i tropane.

Sør-Amerika er heimen til rundt ein tredel av verdas fugleartar, og over 1 300 av dei lever i regnskogen i Amazonas.[51] Av og til kan ein observere over 500 artar berre på nokre få kvadratkilometer.[52] Nokre artar er trekkfuglar til Amazonas, både frå sør i den australske vinteren og frå nord i arktiske vinteren. Dei fleste er standfuglar. Dei mest talrike fuglegruppene er tyrannar (ca. 160), maurfuglar (136), spettefuglar (98), tanagarar (95), omnfuglar (86), papegøyefuglar (58), kolibriar (57) og haukefuglar (45). Det totale talet ligg på ca. 1250 artar i brasiliansk Amazonas,[51] i tillegg kjem nokre artar som er spesifikke for andre land, anslagsvis 50-100 artar.

Det høge artstalet på avgrensa og isolert areal er eit uttrykk for spesialiseringsgrad på føde og habitatstype i ein ytterst avgrensa biotop. Dette får til følgje at berre få eksemplar av kvar art kan overleve i den avgrensa biotopen. Så lenge regnskogen er intakt inneberer dette ingen store problem, men når regnskogen blir fragmentert kan sånne artar få vanskar med å overleve. Desse artane er oftast dei første å forsvinne frå eit område, fordi livskraftige populasjonar ikkje finn nok plass i eit innskrenka skogfragment.[49] Olivenkolibri (Talaphorus chlorocercus) er endemisk til øvre Amazonaselva og er døme på ein art med sære krav til habitat.[53]

Ein kjend fuglefamilie i Amazonas er tukanar, som er ganske store og overvegande svarte i fjørdrakta. Det enorme og ofte fargerike nebbet er karakteristisk. Nebbet fungerer som eit effektivt reiskap for å plukke frukt og bær og gjev tukanar ei vid rekkjevidd utan å flytte kroppen under beiting.[54] Det har òg ein funksjon som termoregulerande organ.[55] Nebbet er monaleg lettare enn det ser ut å vere, med ein ganske tom struktur forsterka med tverrstavar.[56] Det har lenge vore uttalt at dyr og fuglar nær ekvator er meir fargerike enn på høge breiddegrader. Nokre undersøkingar har komme til motsett konklusjon medan andre har stadfesta teorien. Ei grundig undersøking av 24 000 eksemplar av sporvefuglar har synt at fuglar som lever nær ekvator tenderer til å vere 30 % meir fargerike enn dei i nord og sør.[57]

Fiskar endre

 
Arapaima, ein av verdas største ferskvassfiskar, kan bli over tre meter lang

Regnskogen i Amazonas har fleire ferskvassfiskartar enn noko anna elvesystem i verda; meir enn 3 000 artar er funne og skildra, og kanskje like mange artar er framleis ukjende. Ein einaste dam i Amazonas kan innehalde fleire fiskeartar enn alle elver i Europa til saman, og ein kjenner fleire artar i Amazonas enn i Atlanteren.[43]

Fleire fiskeartar i Amazonas, til dømes tambaqui (Colossoma macropomum), fungerer som frøspreiarar, og fleire artar er heilt avhengige av kvarandre for å overleve. Ein annan fiskeart i Amazonas, Arapaiman, er truleg den største ferskvassfisken i verda, og han kan nå ei lengd på tre meter og vege 200 kg.[58] Mange populære akvariefiskar som neontetra, algeetande mallar og diskusar har opphavet sitt i Amazonas.[treng kjelde]

Krypdyr endre

 
Den illgjetne grøne anakondaen (Eunectes murinus), ein av reptilartane i Amazonas

Nærare 380 krypdyrartar har vorte observert i regnskogen i Amazonas.[43] Opp imot 100 artar har vorte konstatert leve på same område i skogen. Dei fleste lever livet sitt i sjymunndagen og er ganske uinteressante, men det blir funne meir spektakulære artar. Dei viktigaste krypdyrgruppene i Amazonas er ormar, øgler, skjelpadder og kaimanar.

Krypdyra i Amazonas går aldri i dvale, men er aktive året rundt. Dei fleste er kjøtetarar og den svarte kaimanen er ein av dei største, saman med den store grøne anakondaen som blir enno noko lengre. Nettopp anakondaen er for mange synonymt med Amazonas. Krypdyr kan bli funne i alle biotopar i regnskogen, frå små bekker til dei største elvene og frå gangar i jorda til dei høgaste tretoppane. Krypdyra er ein mykje viktig del av den naturlege balansen, og dei hjelper til å halde nede talet på insekt og andre byttedyr.[59]

Amfibium endre

 
Gulbanda pilgiftfrosk (Dendrobates leucomelas)

Den store mengda insekt og det fuktige miljøet utgjer eit utmerka habitat for amfibium. Den samla amfibiumfaunaen i Amazonas tel 427 artar per år 2005.[43] Den høge temperaturen gjer det mogleg for amfibium å vere aktive både dag og natt. Grunna den høge luftfukta er dei ofte ikkje så avhengig av vatn som andre amfibium i meir tempererte soner, og fleire artar lever heile livet sitt i trea.[60] Både froskar og padder blir høyrt veldig oftare enn dei blir sett i regnskogen, og lætet deira utgjer eit høglydt og ubrote kor i skogen.

Blant dei mest visste amfibium i Amazonas høyrer familien Dendrobatidae, pilgiftfroskar. Desse er vanlegvis enormt fargerike og har giftekjertlar på ryggen som dei åtvarar rovdyr for med hjelp av farga. Nett som for så mange andre dyregrupper i Amazonas har berre få amfibiumartar vorte inngåande undersøkte av vitskapen.

Avskoging endre

 
Avskoging i delstaten Maranhão i Brasil, 2016
 
Skogbrann innanfor eit urfolksterritorium, 2017
 
Avskoging og brannar i Rondônia, 2007

Avskoging er konvertering av skogkledde område til ikkje-skogkledde område. Dei viktigaste kjeldene til avskoging i Amazonas er menneskeleg busetjing og utviklinga av landet.[treng kjelde] I 2022 var omtrent 20 % av regnskogen i Amazonas allereie avskoga og ytterlegare 6 % var «sterkt nedbrote».[61] Forsking tyder på at ved rundt 20–25 % (derav 0–5 % meir) avskoging, når ein vippepunktet som snur økosystemet over til eit ikkje-skogsøkosystem – degradert til savanne – i austlege, sørlege og sentrale Amazonas.[62][63][64] Denne overgangen frå skog til savanne tar fleire tiår framtil skogen er fullstendig fråverande.[61]

Fram mot tidleg på 1960-talet var tilgangen til det indre av skogsområdet i Amazonas svært avgrensa, og skogen heldt stort sett fram med å vere intakt.[65]

På 1970-talet byrja bygginga av den transamazoniske hovudvegen. Denne motorvegen representerte ein stor trussel mot regnskog i Amazonas.[66] Motorvegen er framleis ikkje ferdigstilt, noko som avgrensar miljøskadane.

Mellom 1991 og 2000 auka det totale arealet med skog tapt i Amazonas frå 415 000 til 587 000 km², og det meste av den tapte skogen vart beite for storfe.[67] Sytti prosent av tidlegare skogkledt land i Amazonas, og 91 prosent av land som er avskoga sidan 1970, har vorte brukt til husdyrbeite.[68][69] For tida er Brasil den største globale produsenten av soyabønner. Ny forsking utført av Leydimere Oliveira et al. har likevel vist at jo meir regnskog som er tømd i Amazonas, jo mindre nedbør når området, og jo lågare blir utbytt per hektar. Så trass i den populære oppfatninga, har det ikkje vore nokon økonomisk fordel for Brasil ved å hogge regnskogsoner og gjere desse om til beitemarker.[70]

Mange av dei kontroversielle transportprosjekta som for tida utviklar seg i Amazonas er rettferdiggjort ut frå nye transportbehov skapt av soyaproduksjon. Dei to første motorvegane opna opp regnskogen og førte til auka busetjing og avskoging. Den gjennomsnittlege årlege avskogingsraten frå 2000 til 2005 (22.392 km² per år) var 18 % høgare enn dei førre fem åra.[treng kjelde] Sjølv om avskoginga gjekk mykje ned i det brasilianske Amazonas mellom 2004 og 2014, har det vore ein auke fram til i dag.[71]

Den tidlegare presidenten i Brasil, Jair Bolsonaro, har støtta lempinga av regelverket for jordbruksareal. Han har brukt tida i embetet til å opne opp for meir avskoging og meir utnytting av Amazonas rike naturressursar.

Sidan oppdaginga av reservoar for fossilt brensel i regnskogen i Amazonas har petroleumsverksemda auka jamt, og nådde ein topp i det vestlege Amazonas på 1970-talet og innleidde ein ny boreboom på 2000-talet.[72] Når petroleumsindustrien etablerer verksemda si, opnar dei nye vegar gjennom skogane, noko som ofte bidreg til avskoging i regionen.[73]

Frihandelsavtalen mellom EU og Mercosur, som vil utgjere eit av dei største frihandelsområda i verda, har vorte fordømt av miljøaktivistar og urfolks rettferdskjemparar.[74] Frykta er at avtalen kan føre til meir avskoging av Amazonas-regnskogen ettersom han utvidar marknadstilgangen til brasiliansk storfekjøtt.[75]

Romforskingsinstituttet i Brasil publiserte ein rapport i november 2021 basert på satellittdata, som viste at avskoginga auka med 22 % i 2020 og var på det høgaste nivået sidan 2006.[76][77]

2019 brannar endre

Det var 72 843 brannar i Brasil i 2019, med meir enn halvparten i Amazonas-regionen.[78][79][80] I august 2019 var det rekordmange brannar.[81] Avskoginga i det brasilianske Amazonas auka med meir enn 88 % i juni 2019 samanlikna med same månad i 2018.[82]

Det auka arealet med brannpåverka skog fall saman med ein lette av miljøreglane frå den brasilianske regjeringa. Spesielt før desse forskriftene vart på plass i 2008 var det brannpåverka området også større samanlikna med reguleringsperioden 2009–2018. Ettersom desse brannane held fram med å bevege seg nærare hjartet av Amazonasbassenget, vil innverknaden deira på det biologiske mangfaldet berre auke i omfang, ettersom det kumulative brannpåverka området er korrelert med talet på artar som er påverka.[38]

Vernetiltak mot tap av biologisk mangfald og mot klimaendringar endre

Sjå òg Tiltak mot tap av biologisk mangfald i Amazonas-regnskogen 2000-2023.
 
Flyfoto nær Manaus
 
Frå Fransk Guyana

Regnskogen i Amazonas er eit kritisk globalt økosystem, som står overfor trugsmål som tap av biologisk mangfald og karbonutslepp, noko som igjen bidreg til klimaendringar. Amazonas står for 10 % av verdas jordbaserte primærproduktivitet og karbonlager, men slepper ut meir klimagassar enn det absorberer i 2021. Klimaendringar og avskoging utgjer ein dobbel samverkande trussel mot regnskogen, med potensielle irreversible skadar.[83]

Avskoging gjev konsekvensar med pågåande utfordringar som inkluderer gjentekne alvorlege tørkeperiodar, aukande skogbrannar og redusert motstandskraft i regnskogen.[84][85][86] Avskogingsratane varierer mellom land, med Brasil som implementerer tiltak for å dempe ulovleg avskoging, og Colombia har lykkast med å redusere avskogingsraten gjennom bevaringsinsentiv.[87]

Vitskaplege studiar framhevar Amazonas kritiske rolle i global klimaregulering, og understrekar behovet for berekraftig praksis. Fjernmålingsteknologi hjelper naturvernarar og urfolksstammar med å overvake og verne regnskogen, medan Verdsbanken gjev framlegg om ein skogvenleg økonomi for å redusere økonomiske tap på grunn av avskoging.[88][89][90]

Det er vist at vernearbeid har gjeve positive resultat, bevart land er nesten tredobla frå 2002 til 2006, noko som resulterte i ein 60 % reduksjon i avskogingsraten. Ei endring av miljøpolitikken i Brasil under president Lula da Silva, har ytterlegare redusert avskoging, trass i utfordringar som alvorleg tørke og klimaendringar.[91]

Juridiske handlingar, som avgjersla til den ecuadorianske domstolen om å stoppe oljeleiting og vern av territoria til urfolk, viser aukande medvit og innsats for å verne Amazonas. Internasjonale samarbeid, slik som forplikting til utvikling av privat sektor av USA og Brasil, og eit bevaringsfond, Amazonasfondet, på USD 100 millionar, tar sikte på å møte dei komplekse utfordringane.[92][93]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://wwf.panda.org/wwf_news/?270090/WWF-Living-Amazon-Report-2016.
  2. Albert, James and Hoorn, Carina and Malhi, Yadvinder and Phillips, Oliver and Encalada, Andrea C and Steege, H; et al. (2021). «The multiple viewpoints for the Amazon: geographic limits and meanings» (PDF). Amazon Assessment Report. 
  3. «Amazon River». britannica.com. Encyclopaedia Britannica. January 11, 2024. 
  4. «WNF: Places: Amazon». Arkivert frå originalen 13. april 2020. Henta 27. januar 2024. 
  5. «Field Museum scientists estimate 16,000 tree species in the Amazon». Field Museum. 17 October 2013. Arkivert frå originalen 7. desember 2019. Henta 27. januar 2024. 
  6. «Inside the Amazon». Arkivert frå originalen 7. oktober 2019. Henta 27. januar 2024. 
  7. Taylor, Isaac (1898). Names and Their Histories: A Handbook of Historical Geography and Topographical Nomenclature. London: Rivingtons. ISBN 978-0-559-29668-0. Arkivert frå originalen July 25, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  8. J. H. Blok (1995). The Early Amazons: Modern and Ancient Perspectives on a Persistent Myth. BRILL. ISBN 90-04-10077-6. «The suggestion of O. Lagercrantz that the origin of the name of Amazons should be sought in the Iranian *ha-mazan- 'warriors' attracted the attention ...» 
  9. «Yanomami». Encyclopaedia Britannica. Arkivert frå originalen July 25, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  10. Coca-Castro, Alejandro; Reymondin, Louis; Bellfield, Helen; Hyman, Glenn (Januar, 2013), Land use Status and Trends in Amazonia (PDF), Amazonia Security Agenda Project, arkivert frå originalen (PDF) 19. mars 2016, henta 27. januar 2024 
  11. Burnham, Robyn J.; Johnson, Kirk R. (2004). «South American palaeobotany and the origins of neotropical rainforests». Philosophical Transactions of the Royal Society 359 (1450): 1595–1610. PMC 1693437. PMID 15519975. doi:10.1098/rstb.2004.1531. 
  12. Morley, Robert J. (2000). Origin and Evolution of Tropical Rain Forests. Wiley. ISBN 978-0-471-98326-2.  (ikkje sjekka)
  13. Maslin, Mark; Malhi, Yadvinder; Phillips, Oliver; Cowling, Sharon (2005). «New views on an old forest: assessing the longevity, resilience and future of the Amazon rainforest» (PDF). Transactions of the Institute of British Geographers 30 (4): 477–499. Bibcode:2005TrIBG..30..477M. doi:10.1111/j.1475-5661.2005.00181.x. Arkivert frå originalen (PDF) 1 October 2008. Henta 27. januar 2024. 
  14. Malhi, Yadvinder; Phillips, Oliver (2005). Tropical Forests & Global Atmospheric Change. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-856706-6.  (ikkje sjekka)
  15. Costa, João Batista Sena; Bemerguy, Ruth Léa; Hasui, Yociteru; Borges, Maurício da Silva (2001). «Tectonics and paleogeography along the Amazon river». Journal of South American Earth Sciences 14 (4): 335–347. Bibcode:2001JSAES..14..335C. doi:10.1016/S0895-9811(01)00025-6. 
  16. Milani, Edison José; Zalán, Pedro Victor (1999). «An outline of the geology and petroleum systems of the Paleozoic interior basins of South America». [Episodes 22 (3): 199–205. doi:10.18814/epiiugs/1999/v22i3/007. 
  17. Colinvaux, Paul A.; Oliveira, Paulo E. De (2000). «Palaeoecology and climate of the Amazon basin during the last glacial cycle». Journal of Quaternary Science 15 (4): 347–356. Bibcode:2000JQS....15..347C. doi:10.1002/1099-1417(200005)15:4<347::AID-JQS537>3.0.CO;2-A. 
  18. Yu, Hongbin (2015). «The fertilizing role of African dust in the Amazon rainforest: A first multiyear assessment based on data from Cloud-Aerosol Lidar and Infrared Pathfinder Satellite Observations». Geophysical Research Letters 42 (6): 1984–1991. Bibcode:2015GeoRL..42.1984Y. doi:10.1002/2015GL063040. 
  19. Garner, Rob (24. februar 2015). «Saharan Dust Feeds Amazon's Plants». NASA. Arkivert frå originalen 23. juni 2019. Henta 27. januar 2024. 
  20. Barkley, Anne E.; Prospero, Joseph M.; Mahowald, Natalie; Hamilton, Douglas S.; Popendorf, Kimberly J.; Oehlert, Amanda M.; Pourmand, Ali; Gatineau, Alexandre; Panechou-Pulcherie, Kathy; Blackwelder, Patricia; Gaston, Cassandra J. (13. august 2019). «African biomass burning is a substantial source of phosphorus deposition to the Amazon, Tropical Atlantic Ocean, and Southern Ocean». Proceedings of the National Academy of Sciences 116 (33): 16216–16221. Bibcode:2019PNAS..11616216B. PMC 6697889. PMID 31358622. doi:10.1073/pnas.1906091116. 
  21. «Smoke from Africa fertilizes the Amazon and tropical ocean regions with soluble phosphorous». phys.org (på engelsk). Arkivert frå originalen August 14, 2019. Henta 27. januar 2024. 
  22. Roosevelt, A.C.; da Costa, M. Lima; Machado, C. Lopes; Michab, M.; Mercier, N.; Valladas, H.; Feathers, J.; Barnett, W.; da Silveira, M. Imazio; Henderson, A.; Sliva, J.; Chernoff, B.; Reese, D.S.; Holman, J.A.; Toth, N.; Schick, K. (19. april 1996). «Paleoindian Cave Dwellers in the Amazon: The Peopling of the Americas». Science 272 (5260): 373–384. Bibcode:1996Sci...272..373R. doi:10.1126/science.272.5260.373. 
  23. 23,0 23,1 Heckenberger, M.J.; Kuikuro, A; Kuikuro, UT; Russell, JC; Schmidt, M; Fausto, C; Franchetto, B (19. september 2003), «Amazonia 1492: Pristine Forest or Cultural Parkland?», Science (2003) 301 (5640), s. 1710–14, Bibcode:2003Sci...301.1710H, PMID 14500979, doi:10.1126/science.1086112 
  24. Meggers, Betty J. (19. desember 2003). «Revisiting Amazonia Circa 1492». Science 302 (5653): 2067–2070. PMID 14684803. doi:10.1126/science.302.5653.2067b. 
  25. Chris C. Park (2003). Tropical Rainforests. Routledge. s. 108. ISBN 978-0-415-06239-8. Arkivert frå originalen January 10, 2022. Henta 27. januar 2024. 
  26. Simon Romero (14. januar 2012). «Once Hidden by Forest, Carvings in Land Attest to Amazon's Lost World». The New York Times. Arkivert frå originalen 26. desember 2019. Henta 27. januar 2024. 
  27. Martti Pärssinen; Denise Schaan; Alceu Ranzi (2009). «Pre-Columbian geometric earthworks in the upper Purús: a complex society in western Amazonia». Antiquity 83 (322): 1084–1095. doi:10.1017/s0003598x00099373. 
  28. Junior, Gonçalo (October 2008). «Amazonia lost and found». Pesquisa (Ed.220). Arkivert frå originalen August 12, 2014. 
  29. 29,0 29,1 «Unnatural Histories – Amazon». BBC Four. Arkivert frå originalen January 8, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  30. Darna L. Dufour hevdar at påverknaden av menneskeleg endring har generelt vorte undervurdert: «Much of what has been considered natural forest in Amazonia is probably the result of hundreds of years of human use and management.» «Use of Tropical Rainforests by Native Amazonians,» BioScience 40, no. 9 (October 1990):658. For eit døme på korleis slike folkslag integrerte planting i den nomadiske livsstilen sin, sjå Rival, Laura (1993). «The Growth of Family Trees: Understanding Huaorani Perceptions of the Forest». Man 28 (4): 635–652. JSTOR 2803990. doi:10.2307/2803990. 
  31. Smith, A (1994). Explorers of the Amazon. Chicago: University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-76337-8. 
  32. «Mundurukú people». britannica.com. Encyclopaedia Britannica. 
  33. From the first expedition to the creation of the Park, pib.socioambiental.org
  34. «Rain delays rescue of explorers». The Herald. Glasgow, Scotland. 8. september 1961. s. 8 – via Google News. 
  35. Snell, Ron (2. februar 2006). Jungle Calls (Kindle utg.). Garland, Texas: Hannibal Books. ISBN 0-929292-86-3. Henta nn januar 2024. 
  36. Irwin N. Forseth (2010). «Terrestrial Biomes». Dagsavisen. Arkivert frå originalen 18. april 2020. Henta 27. januar 2024. «Tropical forests have the highest biodiversity and primary productivity of any of the terrestrial biomes.» 
  37. Sullivan, Martin JP; et al. (2017). «Diversity and carbon storage across the tropical forest biome». Scientific reports (Nature Publishing Group UK London) 7. doi:10.1038/srep39102. 
  38. 38,0 38,1 Feng, Xiao; Merow, Cory; Liu, Zhihua; Park, Daniel S.; Roehrdanz, Patrick R.; Maitner, Brian; Newman, Erica A.; Boyle, Brad L.; Lien, Aaron; Burger, Joseph R.; Pires, Mathias M. (1. september 2021). «How deregulation, drought and increasing fire impact Amazonian biodiversity». Nature (på engelsk) 597 (7877): 516–521. Bibcode:2021Natur.597..516F. ISSN 1476-4687. PMID 34471291. doi:10.1038/s41586-021-03876-7. Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 27. januar 2024. 
  39. 39,0 39,1 39,2 39,3 39,4 «Amazon River». Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica. Henta 27. januar 2024. 
  40. «Rainforest». National Geographic Education. Henta 27. januar 2024. 
  41. «regnskog» i Store norske leksikon, snl.no.
  42. «Rainforest Biomes». 2001. Henta 27. januar 2024. 
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 Da Silva, J.M.C.; Ryland, A.B. & Da Fonesca, G.A.B. (2005). «The Fate of the Amazonian Areas of Endemism». Conservation Biology 19 (3): 689. 
  44. de Souza Amorim, D., Brown, B.V., Boscolo, D.; et al. (2022). «Vertical stratification of insect abundance and species richness in an Amazonian tropical forest». Scientific reports (Nature Publishing Group UK London) 12: 1734. doi:10.1038/s41598-022-05677-y. 
  45. Adams, Jonathan M and Kang, Changku and June-Wells, Mark (2014). «Are tropical butterflies more colorful?». Ecological research (Springer) 29: 685––691. doi:10.1007/s11284-014-1154-1. 
  46. Fernandez, Roberto and Lopez, Victor and Cardenas, Roldan and Requena, Edwin (2015). «Description of Lutzomyia (Trichophoromyia) nautaensis n. sp.(Diptera: Psychodidae) from the Peruvian Amazon Basin». Journal of medical entomology (Oxford University Press) 52: 622––625. doi:10.1093/jme/tjv057. 
  47. Sandy, Matt. «The Amazon Rain Forest Is Nearly Gone. We Went to the Front Lines to See If It Could Be Saved». Time (på engelsk). Henta 27. januar 2024. 
  48. «Animals of the Amazon: Mammals». Thinkquest.org. Arkivert frå originalen 26 december 2007. Henta 28 november 2007. 
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 «Amazon Mammals». Flora & Fauna. Project Amazonas Inc. Arkivert frå originalen 11 december 2007. Henta 27. januar 2024. 
  50. Butler, Rhett A. «Amazon Mammals». The Amazon. mongabay.com. Henta 2 december 2006. 
  51. 51,0 51,1 «Avibase - Bird Checklists of the World - Amazonas». Avibase - The World Bird Database. Henta 27. januar 2024. 
  52. «Amazon Birds». Project Amazon Inc. Arkivert frå originalen 11 december 2007. Henta 28 november 2007. 
  53. Weller, A.A. og G. M. Kirwan (2021). Olive-spotted Hummingbird (Talaphorus chlorocercus), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.olshum1.01.1
  54. «Why are toucans' beaks so big?». birdspot.co.uk. Henta 27. januar 2024. 
  55. Knight, Kathryn (3. mars 2023). «Toucans’ ostentatious beaks do not expand their thermoneutral zone». Journal of Experimental Biology (The Company of Biologists Ltd). doi:10.1242/jeb.245661. 
  56. «Engineers discover why toucan beaks are models of lightweight strength». Jacobs School of Engineering. 30. november 2005. Henta 27. januar 2024. 
  57. Josh Davis (2. september 2008). «Birds are officially more colourful closer to the equator». Natural History Museum, London. Henta 27. januar 2024. 
  58. «Arapaima - Arapaima gigas». Smithsonian's National Zoo & Conservation Biology Institute, Washington, DC. Henta 27. januar 2024. 
  59. «Amazon Reptiles». Project Amazon Inc. Arkivert frå originalen 17 november 2007. Henta 28 november 2007. 
  60. «Jumping marvels of the Amazon». World Wide Fund For Nature. 2020. Henta 27. januar 2024. 
  61. 61,0 61,1 Tandon, Ayesha (4. oktober 2023). «Drying of Amazon could be early warning of 'tipping point' for the rainforest». Carbon Brief (på engelsk). Henta 27. januar 2024. 
  62. «Amazon Rainforest 'heading to point of no return'». February 22, 2018. Arkivert frå originalen September 22, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  63. Lovejoy, Thomas E.; Nobre, Carlos (2018). «Amazon Tipping Point». Science Advances 4 (2): eaat2340. Bibcode:2018SciA....4.2340L. PMC 5821491. PMID 29492460. doi:10.1126/sciadv.aat2340. 
  64. Bochow, Nils; Boers, Niklas (6. oktober 2023). «The South American monsoon approaches a critical transition in response to deforestation». Science Advances (på engelsk) 9 (40): eadd9973. Bibcode:2023SciA....9D9973B. ISSN 2375-2548. PMID 37792950. doi:10.1126/sciadv.add9973. 
  65. Kirby, Kathryn R.; Laurance, William F.; Albernaz, Ana K.; Schroth, Götz; Fearnside, Philip M.; Bergen, Scott; M. Venticinque, Eduardo; Costa, Carlos da (2006). «The future of deforestation in the Brazilian Amazon» (PDF). Futures 38 (4): 432–453. doi:10.1016/j.futures.2005.07.011. Arkivert frå originalen (PDF) July 22, 2018. Henta 27. januar 2024. 
  66. «Impacts and Causes of Deforestation in the Amazon Basin». kanat.jsc.vsc.edu. Arkivert frå originalen June 15, 2013. Henta 27. januar 2024. 
  67. Centre for International Forestry Research (CIFOR) (2004)
  68. Steinfeld, Henning; Gerber, Pierre; Wassenaar, T.D.; Castel, Vincent (2006). Livestock's Long Shadow: Environmental Issues and Options. Food and Agriculture Organization of the United Nations. ISBN 978-92-5-105571-7. Arkivert frå originalen 26 July 2008. Henta 27. januar 2024. 
  69. Margulis, Sergio (2004). Causes of Deforestation of the Brazilian Amazon (PDF). World Bank Working Paper No. 22 (Washington, DC: The World Bank). ISBN 978-0-8213-5691-3. Arkivert frå originalen (PDF) 10. september 2008. Henta 27. januar 2024. 
  70. «Research paper of Leydimere Oliveira on the amazon». Arkivert frå originalen 3 August 2013. 
  71. «INPE: Estimativas Anuais desde 1988 até 2009». inpe.br. Arkivert frå originalen November 30, 2010. Henta 27. januar 2024. 
  72. «Oil Drilling Contaminated Western Amazon». livesciences.com. June 13, 2014. Arkivert frå originalen 18. februar 2019. Henta 27. januar 2024. 
  73. «Oil and Gas Extraction in the Amazon». wwf.panda.org. Arkivert frå originalen 18. februar 2019. Henta 27. januar 2024. 
  74. «EU urged to halt trade talks with S. America over Brazil abuses». France 24. 18 June 2019. Arkivert frå originalen 25. august 2019. Henta 27. januar 2024. 
  75. «We must not barter the Amazon rainforest for burgers and steaks». The Guardian. 2. juli 2019. Arkivert frå originalen 24. august 2019. Henta 27. januar 2024. 
  76. «Deforestation in Brazil's Amazon at highest level since 2006». Reuters/The Guardian (på engelsk). 18 November 2021. Arkivert frå originalen 18. november 2021. Henta 27. januar 2024. 
  77. «Brazil: Amazon sees worst deforestation levels in 15 years». BBC News. 19 November 2021. Arkivert frå originalen 15. juli 2022. Henta 27. januar 2024. 
  78. «'Record number of fires' in Brazilian rainforest». BBC News Online (BBC Online). BBC. 21. august 2019. Arkivert frå originalen 22 august 2019. Henta 27. januar 2024. 
  79. Yeung, Jessie; Alvarado, Abel (21. august 2019). «Brazil's Amazon rainforest is burning at a record rate». CNN (Turner Broadcasting System, Inc.). Arkivert frå originalen 14. august 2020. Henta 27. januar 2024. 
  80. Garrand, Danielle (20 August 2019). «Parts of the Amazon rainforest are on fire – and smoke can be spotted from space». cbsnews.com (CBS Interactive Inc.). Arkivert frå originalen 27. august 2019. Henta 27. januar 2024. 
  81. «Record-breaking number of fires burn in Brazil's Amazon». CNBC (NBCUniversal). 21. august 2019. Arkivert frå originalen July 25, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  82. «Brazil registers huge spike in Amazon deforestation». Deutsche Welle. 3 July 2019. Arkivert frå originalen July 25, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  83. Fox, Alex (26. mars 2021). «The Amazon Rainforest Now Emits More Greenhouse Gases Than It Absorbs». Smithsonian Magazine (på engelsk). Arkivert frå originalen April 7, 2021. Henta 27. januar 2024. 
  84. "Dying Forest: One year to save the Amazon" Arkivert September 25, 2015, ved Wayback Machine., The Independent, 23. juli 2006. Retrieved 27. januar 2024.
  85. Watts, Jonathan (28 November 2017). «The Amazon effect: how deforestation is starving São Paulo of water». The Guardian. Arkivert frå originalen June 7, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  86. Verchot, Louis (29 January 2015). «The science is clear: Forest loss behind Brazil's drought». Center for International Forestry Research (CIFOR). Arkivert frå originalen August 9, 2020. Henta 27. januar 2024. 
  87. «Deforestation in Colombia Down 70 Percent So Far This Year». Yale Environment 360. Henta 27. januar 2024. 
  88. Spring, Jake (29. november 2023). «Climate boost: 2023 Amazon deforestation drops 55.8%, study finds». The NRI Nation. Reuters. Henta 27. januar 2024. 
  89. Asner, Gregory P.; Knapp, David E.; Cooper, Amanda N.; Bustamante, Mercedes M.C.; Olander, Lydia P. (June 2005). «Ecosystem Structure throughout the Brazilian Amazon from Landsat Observations and Automated Spectral Unmixing». Earth Interactions 9 (1): 1–31. Bibcode:2005EaInt...9g...1A. doi:10.1175/EI134.1. 
  90. «World Bank: Brazil faces $317 billion in annual losses to Amazon deforestation». 8.9ha. World Bank. May 24, 2023. Henta 27. januar 2024. 
  91. «Deforestation in the Brazilian Amazon falls 22% in 2023». Mongabay. November 11, 2023. Henta 27. januar 2024. 
  92. «US and Brazil agree to Amazon development». BBC. 14. september 2019. Arkivert frå originalen March 7, 2021. Henta 27. januar 2024. 
  93. Einhorn, Catrin (4. februar 2022). «Ecuador Court Gives Indigenous Groups a Boost in Mining and Drilling Disputes». The New York Times. The New York Times. Arkivert frå originalen 6. februar 2022. Henta 27. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Regnskogen i Amazonas