Reidar Kristofer Liaklev (15. juli 19171. mars 2006) var ein skeiseløpar, fødd og død på Jaren, som i 1948 vart olympisk meister på 5 000 meter og europameister. Året etter vart han norsk meister. Han representerte Brandbu Idrettsforening.

Reidar Liaklev

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1917
Jaren
Død

1. mars 2006 (88 år)
Gran kommune

Yrke skøyteløpar
Reidar Liaklev på Commons

Liaklev fekk sitt gjennombrot i 1947-sesongen då han vart nummer fire i verdsmeisterskapen på skeiser. I OL-sesongen 1948 vann langdistansespesialisten Liaklev OL-gullet på 5 000 meter i St. Moritz. Eit par veker etter vinterleikane vann Liaklev EM-tittelen under europameisterskapen på skeiser på Hamar med over eitt tidspoeng til svensken Göthe Hedlund. Liaklev vart norsk meister i 1949 framom trønderane Sverre Farstad og Hjalmar Andersen. I 1950-sesongen, hans siste, kom han på tredjeplass i noregsmeisterskapen, men vart i europameisterskapen slått einast av Hjalmar Andersen, som på olympiastadion i Helsingfors tok den fyrste av tre strake EM-titlar.

Kjelder endre