For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fuglereir.

Reir er ein tilhaldsstad for nokre dyr, særleg fuglar og andre eggleggjande dyr. Eit reir skal gjerne fungera som ein trygg, lun stad for egg under hekking og ruging. Når egga er klekka kan reiret vera ein stad der foreldra trygt kan forlata ungane for å henta mat til dei. Pattedyr kan også laga reir som ein stad der ungane deira kan halda seg varme og trygge, eller som ein sovestad for eldre dyr.

Fuglereir med egg.

Dyr kan mellom anna laga reir på bakken, i holer, holrom i trestammar, på høge stader som tregreiner, klipper og byggverk. Dei kan bruka organiske materiale som gras, greiner, lauv og fjør, dun eller pels, men kan også nytta menneskeskapte materiale som tau, tekstilar, plast eller papir.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.