Reiskapen lære

måleinstrument

Ei lære er ein arbeidsmodell eller mal og ein målereiskap til å avgjere små lengder, tjukkleikar og djupner. Ein skil mellom faste og innstillbare lærer. Fast lære kan vere ei stålplate med ei rekkje innsnitt (gap) av jamt aukande breidd, med hol med jamt aukande diameter, eller med berre to slike opningar. Han blir brukt for å måle tjukkleiken av plater eller diameteren av sylindrar. Tjukkleiken er avgjort ved opninga til det minste gapet eller holet lekamar passar inn i eller går gjennom. Fast lære er spesielt brukt ved masseproduksjon der tjukkleiken må falle innanfor eit visst område. Det blir kravd at lekamen skal kunne gå gjennom ei viss opning, men ikkje gjennom ein litt mindre opning. Området med breidd eller diameter mellom den største og den minste av desse opningane blir kalla toleranseområdet.

Lære med gradert boge på 0–10 mm

Innstillbare lærer er skuvelære og gjengelære.

Sjå òg endre

Kjelder endre