Rekviem av Cherubini

Rekviem i c-moll for blandakor vart skrive av Luigi Cherubini i 1815 og hadde premiere 21. januar 1817 ved ei minnegudsteneste for Ludvig XVI av Frankrike. Cherubini si utgåve av rekviemet vart av Beethoven rekna for å vere betre enn Mozart sitt, og både Schumann, Brahms og erkefienden til Cherubini, Hector Berlioz, hylla verket.[1][2]

Rekviem
Rekviem av Luigi Cherubini
SjangerKormusikk
PeriodeKlassisismen
Komponert1815
Urframføring21. januar 1817
Typisk lengd46:16
Satsar/akter7
Toneartc-moll

Denne utgåva av rekviemet består av sju satsar:

  1. Introitus et Kyrie
  2. Graduale
  3. Dies Irae
  4. Offertorium
  5. Sanctus
  6. Pie Jesu
  7. Agnus Dei

I 1820 vart ein sørgemarsj og ein motett, In Paradisum, lagt til. I 1833 vart verket forbode av erkebiskopen av Paris på grunn av bruken av kvinnestemmer og i 1836 skreiv Cherubini eit Rekviem i d-moll for mannskor.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Requiem No.1 (à la mémoire de Louis XVI), for chorus & orchestra in C minorAllmusic av James Reel. Henta 22. juli 2010.
  2. Michael Fend i Grove musikkleksikon s. 577: For the anniversary of the execution of Louis XVI on 21 January 1817 he wrote his first Requiem (C minor), which, contrary to his usual practice, had no soloists.

Bakgrunnsstoff endre

NotarIMSLP