Remscheid er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg i den nordlege delen av Bergisches Land, sør for Ruhrområdet.

Remscheid
Rådhuset i Remscheid
Rådhuset i Remscheid
Rådhuset i Remscheid
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Remscheid
Remscheid is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Grunnlagd 1100-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

74,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

115 374
  1 547/km²
Koordinatar 51°11′0″N 07°12′0″E / 51.18333°N 7.20000°E / 51.18333; 7.20000
Høgd over havet 365 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 42801-42899
Telefon-retningsnummer 02191
Bilnummer RD
Heimeside: www.remscheid.de

Historie endre

Remscheid vart grunnlagd på 1100-talet, men var berre ein liten landsby fram til 1800-talet. Tidlegare utgåver av namnet på byen var Remissgeid (1217), Rymscheyd (1351), Reymscheyd (1487) og Rembscheid (1639). Den økonomiske veksten i heile Rhin-Ruhr-området førte til folkevekst i Remscheid. Maskinteknikk og produksjon av verktøy var hovudnæringane til byen.

31. juli 1943, under den andre verdskrigen, vart Remscheid nesten heilt øydelagd under eit britisk bombetokt som skapte ein eldstorm.

Eit fly av type A-10 Thunderbolt II styrta i byen 8. desember 1988 og seks menneske omkom.

I dag består Remscheid av fire bydelar, Alt-Remscheid, Remscheid-Süd, Lennep og Lüttringhausen.

Kjende folk endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Remscheid

Kjelder endre