Renault F1 er den franske bilprodusenten Renault sitt formel 1 lag.

Renault RS10 i pit-leiren under Monaco Grand Prix i 1979
Williams-Renault frå 1989.
Fernando Alonso under kvalifiseringa til USA GP i 2005
Giancarlo Fisichella under Malaisia Grand Prix 2007

Historie endre

Renault byrja Formel 1 karrieren i 1977, som Renault Sport. Det var midt i sesongen, berre 7 løp gjenstod. Renault deltok med berre ein bil, men den var særs ustabil og Jean-Pierre Jabouille fullførte ikkje eit einaste løp det året. I 1978 deltok Renault i 14 av 17 av løpa i sesongen, og braut av i 9 av dei. I 1979 gjekk Renault inn med bil nummer to, køyrd av René Arnoux. I Frankrike Grand Prix fekk Renault sin første pallplassering, med Jabouille på første og Arnoux på tredje. Etterpå fekk Arnoux to andre plassar, i England Grand Prix og i USA Grand Prix. i 1980 Fekk Renault 3 gonger 1. plass og ein 2.plass. Renault byrja verte konkurransedyktig og fekk fleire pallplasseringar. 1981 såg Jabouille bytte til laget Ligier og vart dermed erstatta med Alain Prost. René Arnoux forlet Renault året etter, til fordel for konkurrenten Ferrari.

I 1985 kom Renault i finasielle vanskar og forlet difor formel 1. Frå 1986 til 2001 deltok ikkje Renault som eige lag, men leverte motorar til laga Williams og Bennetton.

I 2000 kjøpte Renault opp Bennetton laget og var med dette tilbake i Formel 1 som konstruktør.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Renault F1


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen