Retezatfjella er ein av dei høgaste fjellkjedene i Romania og ein del av Dei sørlege Karpatane. Den høgaste toppen er Peleaga (Vârful Peleaga) med ei høgd på 2509 meter over havet. Andre høge toppar er Păpușa (Varful Păpușa) og Retezat (Vârful Retezat).

Retezatfjella har mange bresjøar, inkludert den største bresjøen i Romanai, Bucura (lacul Bucura), som dekkjer 8,9 ha og ligg 2030 meter over havet. Området inneheld òg Retezat nasjonalpark, den første nasjonalparken i Romania.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

 
Retezatfjella sett frå toppen av eitt av dei (Vârfu Mare)

45°22′N 22°52′E / 45.367°N 22.867°E / 45.367; 22.867