Revolusjon, tyder i hovudsak ei omdanning eller omvelting av politiske eller sosiale system. Omgrepet kan òg nyttast om omdanningar innan teknologi og vitskap.

Politiske revolusjonar kan vera valdelege og blodige, eller fredelege, jamvel pasifistiske. For at fredelege revolusjonar skal lukkast, må dei skje i eit nokolunde stabilt samfunn og ha massiv oppslutnad i folket, for at ikkje staten sitt valdsapparat (militæret og politiet) skal slå dei ned.

I nokre sosialistiske ideologiar er revolusjon ein sentral del, målet er at arbeidarklassen skal gjera opprør.

Ein kan òg tala om borgarlege revolusjonar.

Grensa mellom revolusjon og statskupp er ikkje alltid klår. Om ei maktovertaking skal kunna kallast revolusjon må maktovertakinga i prinsippet ha stønad i folket. Graden av stønad i folket er ved mange høve ikkje lett å avgjera. Såleis er det ofte dei nye makthavarane som avgjer om ei maktovertaking vert kalla ein revolusjon.

Sosialistisk revolusjon endre

Ein sosialistisk revolusjon er ein brå overgang til eit sosialistisk samfunn, der arbeidarklassen tek makta frå dei gamle herskarane, fjernar den private eigedomsretten og innfører eit sosialistisk/ kommunistisk styresett.

Oktoberrevolusjonen er ein av dei mest vidgjetne maktovertakingane revolusjonære sosialistar har gjennomført. Sjølve oktoberrevolusjonen gjekk fredeleg føre seg, fordi svært få ville forsvara den provisoriske regjeringa som hadde styrt sidan den russiske februarrevolusjonen, men den bolsjevikiske maktovertakinga i oktober 1917 vart etterfølgd av ein mangeårig borgarkrig.

I seinare tid har vi sett eit døme som den bolivarske revolusjonen i Venezuela under Hugo Chavez, der ein fastslår Karl Marx sitt fridomssamfunn som det endelege målet, men endringane her har førebels teke form av sosialdemokratiske reformer innanfor eit kapitalistisk samfunn.

Borgarleg revolusjon endre

Ein borgarleg revolusjon er ein revolusjon i eit føydalsamfunn, der folket kastar dei gamle herskarane og innfører borgarleg demokrati. Ei slik omveltning heng vanlegvis ihop med ein overgang frå ein i hovudsak jordbruksbasert økonomi til handelskapitalisme og begynnande industrialisering.

Det klassiske dømet på ein borgarleg revolusjon er den store franske revolusjonen 1789-1799.

I seinare tid har til dømes maoistpartiet i Nepal ført ein geriljakrig for å oppnå ein liknande revolusjon, trass i at det langsiktige målet deira er kommunisme, ikkje kapitalisme.

Sjå òg endre