Richard Matheson

amerikansk manusforfattar og skribent

Richard Burton Matheson (20. februar 192623. juni 2013) var ein amerikansk romanforfattar og manusforfattar for film og TV.

Richard Matheson

Pseudonym Logan Swanson
Statsborgarskap USA
Fødd 20. februar 1926
Allendale
Død

23. juni 2013 (87 år)
Los Angeles

Yrke skribent, manusforfattar, romanforfattar, science fiction-forfattar
Sjanger fantasy
Born Richard Christian Matheson, Ali Marie Matheson, Chris Matheson
Richard Matheson på Commons

Han er mest kjend som forfattaren av I Am Legend (Det siste mennesket), ein science fiction-skrekkroman frå 1954 om ein apokalyptisk verd med ein pandemi som gjer folk om til ein slags vampyrar. Boka er blitt filmatisert tre gonger, og har påverka utviklinga av zombi- og vampyrlitteratur.

Bakgrunn endre

Matheson blei fødd i Allendale i New Jersey, som son av dei norske innvandrarane Bertolf og Fanny Matheson. Foreldra skilde seg då han var åtte, og han voks opp i Brooklyn i New York med mor si. Tidlege påverknader på forfattarskapen var filmen Dracula frå 1931, romanar av Kenneth Roberts og eit dikt han las i avisa Brooklyn Eagle,[1] where he published his first short story at age eight.[2] Han blei elev ved Brooklyn Technical High School i 1939, gjekk ut i 1943, og tente med hæren i Europa under andre verdskrigen; dette danna grunnlaget for romanen hans The Beardless Warriors frå 1960.[1][3] Etter krigen studerte han ved Missouri School of Journalism ved University of Missouri, og fekk ein BA i 1949. Deretter flytta han til California.[1][2]

Han var medlem av den såkalla «Southern California Sorcerers» på 1950- og 1960-talet. Dette kollektivet av forfattarar på vestkysten omfatta mellom anna også Charles Beaumont, Ray Bradbury, George Clayton Johnson, William F. Nolan og Jerry Sohl.[4]

Verk i utval endre

Romanar endre

  • I am Legend (1954), i norsk omsetjing som Det siste mennesket (Fredhøis Forlag, Oslo 1983)[5]
  • The Shrinking Man (1956), i norsk omsetjing som Edderkoppen (Fredhøis Forlag, Oslo 1982)[6]
  • What Dreams May Come (1978)

Filmar endre

  • 1957 - The Incredible Shrinking Man, filmatisering av romanen The Shrinking Man
  • 1960 - Gjest i skrekkens hus, filmatisering av Edgar Allan Poe si novelle «Huset Ushers fall»
  • 1961 - Dødspendelen
  • 1962 - En studie i skrekk
  • 1963 - Ravnen
  • 1964 - Den siste mannen på jorden, fyrste filmatisering av romanen Det siste mennesket
  • 1963 - The Comedy of Terrors
  • 1969 - De Sade
  • 1971 - Terror bak rattet
  • 1971 - Omegamannen}}, andre filmatisering av Det siste mennesket
  • 1973 - Dracula, for TV, med Jack Palance i hovudrolla
  • 1983 - Haisommer 3
  • 1998 - Drømmenes verden, basert på romanen What Dreams May Come
  • 2007 - I Am Legend, med Will Smith i hovudrolla, tredje filmatisering av Det siste mennesket

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Richard Matheson Biography: Author, Screenwriter (1926–2013)». Biography.com (FYI and A&E Networks). Arkivert frå originalen 13. september 2015. Henta 29. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 Hawtree, Christopher (25. juni 2013). «Richard Matheson obituary». Guardian.co.uk (London). Henta 26. juni 2013. 
  3. Sammon, Paul M. (October 1979). «Richard Matheson: Master of Fantasy». Fangoria (2): 26–29, 52 – via Internet Archive. 
  4. Conlon, Christopher (31. oktober 1999). «Southern California Sorcerers». Rod Serling Memorial Foundation. Henta 31. oktober 2012. 
  5. Matheson, Richard. Det siste mennesket. [Oslo]: Fredhøi. s. 4. ISBN 8204012241. 
  6. Matheson, Richard. Edderkoppen. [Oslo]: Fredhøi. s. 7. ISBN 8204011644.