Ein rickshaw er opphavleg ei personvogn som blir trekt av ein person til fots. Ein utbreidd variant av rickshawen blir dregen av ein førar på sykkel, medan ei nyare utforming er den motoriserte autorickshawen, også kjend som tuk-tuk. Sjølve ordet «rickshaw» stammar frå det japanske 人力車 (jinrikisha), som er sett saman av jin, 'menneske', riki, 'kraft' og sha, 'køyretøy'.

To japanske rickshawar.
Sykkel- og autorickshawar i Delhi i India.

Både rickshaw og sykkelrickshaw har tradisjonelt vore særs utbreidde i Asia, der det har vore eit utbreidd yrke. I dag har rickshawen langt frå den same tydinga for infrastrukturen på grunn av utbreiinga av bilar og bussar. I fleire byar er tilmed transportforma blitt forboden. I ein del vestlege byar har derimot rickshawar blitt utbreidde i nyare tid, særleg brukte til å transportera turistar.

Fotogalleri endre

Handrickshawar:

Sykkelrickshawar:

Motoriserte rickshawar:

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rickshaw

Kjelder endre