Ricola er eit sveitsisk selskap kjend for å laga halspastillar med urter. Dei lagar også urtete.

Ricola AG

Org.formAksjeselskap
Skipa1930
HovudkontorLaufen
LandSveits
Tilsette400
Nettstadwww.ricola.com
Ricola-pastillar er eitt av midla ein kan ta ved forkjøling og sår hals.

Verksemda blei starta i 1930 av Emil Wilhelm Richterich som Confiseriefabrik Richterich & Co. Laufen, etter at han hadde kjøpt eit lite bakeri i Laufen utanfor Basel i Sveits. I 1940 skapte Richterich dei første urtepastillane med 13 urteslag som ingrediens. På 1950-talet blei det også utvikla ein urtete etter at ein hadde oppdaga at ein også kunne løysa opp pastillane i varmt vatn. I 1976 laga selskapet den første mjuke, sukkerfrie urtepastillen i Sveits.

I 2004 hadde Ricola rundt 400 tilsette. Samstundes nytta det tenestene til rundt 200 selskap i nærmiljøet. Selskapet eig også fem urtehagar i Zermatt, Kandersteg, Pontresina og Nenzlingen. Hagane dyrkar urter til produksjonen, men kan også vitjast.

Ricola vert importert til Noreg av Galleberg.

Produkt endre

Ricola lager både mjuke og harde pastillar. Dei blir selde i esker og i posar. Ricola-pastillane er kjende for å innehalda 13 urter, som er: Salvie, apotekerkattost, ryllik, legestokkrose, smalkjempe, peparmynte, gjeldkarve, marikåpe, timian, hylleblom, marianøkkelblom, legeveronika og borremynte. Innhaldet kan variera i dei ulike produkta. Mentol er den aktive substansen i produkta.

Kjelder endre