For våpentypen, sjå Rifle.

Rifler er i geologi ein primær sedimentær struktur der ein har fleire meir eller mindre parallelle riller i ei sandoverflate. Strukturane kjem av strøymande vatn, bølgjer eller vind og kan bevarast sjølv om sanden seinare vert omvandla til sandstein eller kvartsitt.

Forsteina rifler i sandstein i Moenkopiformasjonen i Utah

Stundom vert rifler òg kalla bølgjeslagmerke, men sidan det ikkje alltid er bølgjeslag som har danna dei, nyttar ein helst omgrepet rifler.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rifle i geologi