Rigabukta (latvisk Rīgas Jūras līcis, estisk Liivi Laht) er ei bukt i Austersjøen mellom Latvia og Estland.

Rigabukta

Bukta dekkjer eit areal på 18 000 km², og på det djupaste er ho 54 meter. Øya Saaremaa i Estland skil delvis bukta frå resten av Austersjøen. Øya Ruhnu i midten av bukta høyrer òg til Estland.

Store byar som ligg ved bukta er mellom anna Riga og Pärnu. Dei største elvane som munnar ut i Rigabukta er Daugava, Lielupe, Gauja og Salaca.

Kjelde endre

57°37′N 23°35′E / 57.617°N 23.583°E / 57.617; 23.583