Riigikogu (tyder på norsk Riksforsamlinga) er den lovgjevande forsamlinga i Estland. Ho er samansett av av eitt kammer med 101 representantar som er valde for fire år gjennom eit proporsjonalt valsystem. Representantane vert valde frå 11 valkrinsar. Stemmerettsalderen er 18 år, og ein kan veljast inn frå ein er 21 år. Sperregrensa er 5 %.

Riigikogu


VirkefeltEstland
Skipa23. april 1919
HovudkontorCastrum Danorum
JurisdiksjonEstland
Nettsidehttps://www.riigikogu.ee/
Riigikogu har tilhaldsstad i Toompea-slottet i Tallinn.

Riigikogu vel kvart femte år den estiske presidenten. Denne har i hovudsak seremonielle oppgåver, då den utøvande makta ligg hjå regjeringa. Regjeringa er avhengig av støtte frå nasjonalforsamlinga. Presidentskapet i Riigikogu er samansett av tre medlemmer, éin riksdagspresident og to visepresidentar. Desse vert valde blant medlemmene i nasjonalforsamlinga.

Soge endre

 
Møtesalen i den estiske nasjonalforsamlinga.

Det fyrste Riigikogu vart valt i 1920, og periodane vert rekna frå og med dette året. I mellomkrigstida vart det valt seks nasjonalforsamlingar. Det Riigikogu som vart valt i 1938 fekk perioden sin avbroten av invasjonen og okkupasjonen til Sovjetunionen. Rolla og mandatet til Riigikogu varierte i mellomkrigstida, sidan Estland hadde fleire ulike grunnlover.

Etter at Estland i august 1991 igjen vart sjølvstendig, bytta øvstesovjetet i Estland namn til Riigikogu, som eit ledd i overgangen til demokrati under nasjonalt sjølvstende. I 1992 vart det igjen halde regulære frie val til nasjonalforsamlinga på grunnlag av den nye estiske grunnlova, som var vedteken i folkeavstemming i juni 1992.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Riigikogu