Riksförbundet för sexuell upplysning

Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) er ein svensk ideell organisasjon som arbeider med seksuell og reproduktiv helse og rettar, og med informasjon og opplysing kring seksualitet og samliv.[1] Ei av dei viktigaste kampsakene har vore og er retten til fri abort.[2]

Riksförbundet för sexuell upplysning

Skipa1933
Nettstadhttp://www.rfsu.se/en/Engelska/ Sjå dette på Wikidata

Arbeidet til RFSU kviler på tre rettar: retten til å vera, retten til å nyta og retten til å velja.

Virke endre

RFSU arbeider med opplysning, utdanning og opinionsdanning gjennom å arrangera kurs, konferansar, og delta i debattar. Dessutan driv organisasjonen eit omfattande internasjonalt arbeid saman med liknande organisasjonar i andre land. Han er medlem av IPPF (The International Planned Parenthood Federation).[3]

RFSU sin klinikk i Stockholm arbeider med prevensjonsrettleiing, seksualrådgiving, psykoterapi og råd, testar og vaksiner mot nokre seksuelt overførbare sjukdommar.[4] Klinikken arbeider også med forsking og utdanning.

Lokalforeiningane arbeider med informasjon og utdanning. Lokalforeiningane kursar frivillige som driv med opplysning i skular.

Historie endre

RFSU blei grunnlagt 1933 av blant anna Elise Ottesen-Jensen,[5] Gunnar Inghe og Hanna Lundin. Elise Ottesen-Jensen var leiar frå starten til 1959, og ho er den som sterkast blir forbunde med organisasjonen. Tidsskriftet til RFSU, Ottar, er oppkalla etter henne.[6]

RFSU er partipolitisk og religiøst uavhengig,[7] men har røtene sine i radikal sosialisme.

Lina Fridén er forbundsordførar sidan 2023.[8]

RFSU Norge AS endre

RFSU Norge AS vart skipa 1. juni 1973.

Dagleg leiar er Annika Jerveland.[9]

Kjelder endre

  1. "RFSU". NE.se. Vitja 24. september 2014.
  2. «Aborträtt | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), henta 3. oktober 2023 
  3. «Samarbeten och nätverk». RFSU. Henta 27. november 2019. 
  4. «Om oss | RFSU-kliniken», www.rfsu.se (på svensk), 16. mars 2023, henta 3. oktober 2023 
  5. «RFSU:s historia | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), henta 3. oktober 2023 
  6. «OTTAR | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), 7. november 2017, henta 3. oktober 2023 
  7. «Vår organisation | RFSU», www.rfsu.se (på svensk), 11. november 2019, henta 3. oktober 2023 
  8. «Hon blir RFSU:s nya förbundsordförande», Altinget.se, 8. juni 2023, henta 13. juni 2023 
  9. «RFSU Aktiebolag | Info & Löner | Bolagsfakta», www.bolagsfakta.se (på svensk), henta 13. juni 2023 

Bakgrunnsstoff endre