Rinderhorn er eit 3 448 høgt fjell i Bern-Alpane i kantonen Valais i Sveits. Fjellet reiser seg mellom Kandersteg i nord og Leukerbad i sør. Fjellet ligg på same fjellryggen som den høgre toppen Balmhorn, mellom dei to toppane strekker Zackengrat seg. Fjelltoppen Altels ligg nordaust Rinderhorn, med Schwarzgletscher mellom seg. Vest for Rinderhorn ligg Gemmi-skaret, dernest kjem fjella i Wildstrubelgruppa. 3 003 meter høge Chli Rinderhorn ligg nord for hovudtoppen, skild frå denne av Rindersattel. På sørsida av Rinderhorn er det bratte svad.

Rinderhorn
fjell
Utsyn frå Stockhorn mot Balmhorn, Altels og til høgre Rinderhorn
Land  Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 448 moh.
Primærfaktor 412 m ↓  mot Balmhorn
Koordinatar 46°24′48.8″N 7°39′12.6″E / 46.413556°N 7.653500°E / 46.413556; 7.653500
Førstestiging  
 - dato 6. september 1854
Kart
Rinderhorn
46°24′49″N 7°39′13″E / 46.413555555556°N 7.6535°E / 46.413555555556; 7.6535
Wikimedia Commons: Rinderhorn

Fjelltoppen vert klatra både om sommaren og om vinteren.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre