Ringerike kommune

kommune i Buskerud

Ringerike er ein kommune i Buskerud fylke. Hønefoss er kommunesenter, og nesten halvparten av innbyggjarane i kommunen bur her. Andre tettstadar er Tyristrand, Sokna, Hen og Hallingby.

Ringerike kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Hønefoss
Areal 1 555 km²
 - land 1 437 km²
 - vatn 118 km²
Folketal 31 581  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Kirsten Orebråten (Ap)
Kommunenr. 3305
Kart
Ringerike kommune
60°12′19″N 10°09′09″E / 60.205280555556°N 10.1525°E / 60.205280555556; 10.1525
Wikimedia Commons: Ringerike
Nettstad: www.ringerike.kommune.no

Geografi endre

Ringerike strekker seg frå Oslomarka i søraust til åsane mot nedre Hallingdal i nordvest, og i Ådalen til nord for innsjøen Sperillen.

Kommunen er eit trafikk-knutepunkt der vegar som E-16, Rv. 7 og Rv. 35 og jarnbanelinjer som Bergensbanen, Randsfjordbanen og Roalinja møter kvarandre.

Historie endre

Namnet Ringerike er sett saman av dei norrøne orda Hringr (ring) og Riki (rike eller landskap). Dette namnet er blitt brukt sidan ein byrja å skriva norsk historie.

I 1964 blei dei tidlegare kommunane Hole, Norderhov, Tyristrand, Hønefoss og Ådal del av Ringerike kommune. Hole vart sidan ein eigen kommune igjen.

Næringsliv endre

Ringerike er den største jord- og skogbrukskommunen i eit fylke der dei fleste kommunane driv med desse næringsvegane. Dei viktigaste industrigreinene er treforedling (Norske Skogindustrier, Follum og Huhtamaki), betongproduksjon (Spenncon og Unicon), mekaniske verkstadar og kartproduksjon (Statens kartverk).

Folk frå Ringerrike endre

Bilete endre

Referansar endre

  1. En opplyst bøddel. Morgenbladet. Vitja 20. juni 2020

Bakgrunnsstoff endre