Ringgalaksar er galaksar som har ei ringforma samling av stjerner rundt galaksekjernen. Dei skil seg difor klårt frå spiral- og elliptiske galaksar. Ein trur at ringgalaksar ættar frå vekselverknad mellom galaksar: ein mindre galakse passerer gjennom ein større og produserer ei tettleiksbylgja som kan spreia seg gjennom den større galaksen og føra til stjernedanning her.

Ringgalaksen Hoag sitt objekt

Ringa galaksar kan ha ein tydeleg ring rundt galaksekjernen, men skil seg framleis frå ringgalaksar av di normal stjernedynamikk, gjerne i selskap med ein stav, her har ført stjernene inn i ringstrukturen.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «ring galaxy» s. 344 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.