Ringstead Bay er ei bukt ved Den engelske kanalen i Dorset i England. I bukta finst grus òg noko sand og utanfor bukta ligg eit om lagt 600 meter langt rev som kjem til syne ved fjøre sjø.

Ringstead Bay
bukt
Ringstead Bay med White Nothe i aust i bakgrunnen.]]
Land  Storbritannia
Del av Den engelske kanalen
Kart
Ringstead Bay
50°37′51″N 2°20′16″W / 50.6309°N 2.3378°W / 50.6309; -2.3378
Wikimedia Commons: Ringstead Bay
Stranda og klippene ved Ringstead Bay

Like aust for bukta ligg dei kvite kalksteinsklippene White Nothe, som ruvar over bukta. Den større byen Weymouth ligg om lag 8 km vest for Ringstead Bay. Den vesle landsbyen Osmington Mills ligg på kysten om lag 1,5 km mot vest og det går ein tursti til denne landsbyen langs klippene, via Bran Point.

Ringstead Bay og den vesle landsbyen Ringstead er tilgjengelege via ein privat veg. Området er kjent for den vakre naturen og dei mange fossilfunna.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

50°37′51″N 2°20′16″W / 50.6309°N 2.3378°W / 50.6309; -2.3378