Ein ringveg er ein veg som leier trafikk utanom ein by eller eit bysentrum.[1] Ein slik veg finst rundt eller inni mange byar, og kan både bidra til å letta trafikken i bykjernen og bind saman distrikta utanfor.[2] Vegen treng ikkje å vera ein heil sirkel. Slike vegar vert òg kalla «omkjøringsvegar».

Ringveg rundt Berlin i Tyskland «Berliner ring».

Fleire ringvegar rundt europeiske storbyar blir kalla «ring» og liknande, som the Berliner Ring, Ring 0 kring Brussel, Amsterdam Ring, Boulevard Périphérique kring Paris og Inner og Outer Ring Road kring Leeds. Australia, Pakistan og India nyttar òg omgrepet ringveg, som Western Ring Road kring Melbourne, Lahore Ring Road kring Lahore og Outer Ring Road kring Hyderabad.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «ringveg» i Nynorskordboka.
  2. «ringvei». Store norske leksikon (på norsk). 6. oktober 2020.