Riobamba er hovudstaden i den ecuadorianske provinsen Chimborazo. Riobamba er også namnet på eit bispesete. Byen er eit regionsenter for jordbruk. Han har om lag 130 000 innbyggjarar (2005).

Riobamba og vulkanen Tungurahua.

Riobamba ligg i det sentrale av Sierra-regionen 2750 moh. mindre enn 30 kilometer søraust for vulkanen Chimborazo, som med sine 6 310 meter er det høgaste fjellet i Ecuador. Byen er omkransa av tre andre toppar på over 5000 meters høgde, blant dei vulkanen Tungurahua, som sidan 1998 har vore i utbrot. Byen er frå 1797 då den gamle byen nokre kilometer lengre vest vart utsletta av eit jordskjelv.

Riobamba har eit eige fotballag, Centro Deportivo Olmedo. Laget vann den nasjonale ligaen i 2000 og kom på andreplass i 2004. Heimestadion deira er Estadio Olympico de Riobamba.

Domkyrkja i Riobamba.
Foto: Carlos Costales Terán

April er månaden for dei tradisjonsrike byfeiringane. Gjennom heile månaden vert det halde kulturelle tilstelnader. Feiringa kulminerar med to store paradar gjennom bygatene; den 19. april vert folkeparaden halden (Desfile Civico), medan gledeparaden (Desfile de la Alegria) avluttar feiringane to dagar seinare, den 21. april. Tyrefekting ved den lokale tyrefektararenaen er og ein integrert del av feiringa. Det er vanleg at det kjem tyrefektarar frå heile Sør-Amerika og frå Spania for å konkurrere, og oppvisningane held eit internasjonalt nivå, sjølv om dei ikkje er like anerkjende som dei i hovudstaden, Quito.

Folkestnaden i områda rundt byen livnærar seg for det meste av jordbruk, men mange indianarar i området er også flinke handverkarar. I sentrum finst det fleire utsal for tekstilprodukta dei lagar. Mest kjend er Plaza Roja, der det i helgene vert halde indianarmarknad.

Den største turistattraksjonen i byen er det gamle toget som går mot kysten, og mot fjellet Nariz del Diablo. Togturen tek ein halv dag, og passasjerane reiser gjennom Andesfjella medan dei sit på taka til dei gamle togvognene.