Rissajaure (tyder Sjøen som gnistrer som eld) eller Trollsjön, (nordsamisk: Rissájávri) er ein klårvassjø og ein steril fjellsjø i Kiruna kommun i Lappland i Sverige. Ein kan sjå botnen på innsjøen, trass i djupna på 36 meter. Siktdjupna er truleg større, men kan ikkje stadfestast. Rissajaure ligg 815 meter over havet, lengst inn i dalføret Kärkevagge ved foten av Låktatjåkka og Vassejietnja, oppdemd av ein høg mur av store steinblokker. Utløpet frå innsjøen er underjordisk, og munnar ut i bekken Kärkejokk på motsett side av den naturlege steinmuren, og heldt fram ned dalføret.

Rissajaure, med Gorsabahta i bakgrunnen.

Rissajaure består av smeltevann frå de omliggande isbreene. Innsjøen er isbelagt til eit stykke ut på sommaren, og er berre isfri tre månader i året.

Namnet Kärkevaggepadajaure vert òg nytta.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre