Robert B. Laughlin

amerikansk fysikar

Robert B. Laughlin (fødd 1. november 1950) er ein amerikansk fysikar.[1]

Robert Betts Laughlin

Fødd1. november 1950 (73 år)
Visalia i California i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar, faglitterær forfattar, akademikar
InstitusjonarStanford University
Lawrence Livermore National Laboratory
Bell Labs
Alma materMIT
UC Berkeley
DoktorgradsrettleiarJohn Joannopoulos
Kjend forKvante Hall-effekten
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Laughlin mottok Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Horst Ludwig Störmer og Daniel C. Tsui, «for oppdagingane deira av ein ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar».[2]

Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladninga til elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der dei utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturar. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ei slags kvantevæske, som minna om dei kvantevæsker som oppstår ved superleiing og i flytande helium.

Laughlin tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology i 1979, og har sidan 1989 vore professor ved Stanford University

I 2008 heldt Laughlin «The Lars Onsager Lecture» ved NTNU.[3]

Kjelder endre

  1. «Robert B. Laughlin - Biographical», Nobelprize.org.
  2. «The Nobel Prize in Physics 1998», Nobelprize.org, besøkt 18. september 2011.
  3. «The Lars Onsager Lecture», NTNU, besøkt 18. september 2011.