Robert Barrett Browning

Robert Wiedeman Barrett Browning, kjend som Pen Browning (9. mars 18498. juli 1912) var ein engelsk målar. Karrieren hans var moderat vellykka, men han er meir kjend som sonen og arvingen til dei kjende engelske diktarane Robert Browning og Elizabeth Barrett Browning, som han bygde opp ei betydeleg samling av manuskript og gjenstandar etter. Han kjøpte òg og restaurerte det barokke palasset Ca' Rezzonico i Venezia.

Robert Barrett Browning

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 9. mars 1849
Firenze
Død

8. juli 1912 (63 år)
Asolo

Yrke kunstmålar
Far Robert Browning
Mor Elizabeth Barrett Browning
Robert Barrett Browning på Commons

Barndom og utdanning endre

 
Pen og mora, Elizabeth Barrett Browning.

Browning var det einaste barnet til diktarane Robert Browning og Elizabeth Barrett Browning. Ekteparet Browning hadde budd i Italia i tre år då sonen deira blei fødd i Casa Guidi i Firenze.[1] Mor hans, som var sjukelege og hadde hatt tre tidlegare spontanabortar, skildra han med undring som «so fat and rosy and strong that almost I am sceptical of his being my child.»[2] Kallenamnet «Pen» kom frå barneuttalen hans av namnet sitt «Wiedeman» (etter jentenamnet til farmora).[3] Som einebarn var han velbeskytta, og etter nokon si meining overbeskytta. Romanforfattaren Nathaniel Hawthorne skreiv om Pen at han verka «skjør» og «åndeaktig», og ønskte at foreldra skulle gjera han meir «jordleg» og «robust».[4]

Browning blei utdanna «med nervøs omsut» av faren og privatlærarar heime i Firenze, og etter at mor hans døydde i 1861, i London. Robert ivra for at sonen hans skulle gå på universitet, og søkte hjelp frå Benjamin Jowett, som var master ved Balliol College i Oxford og var den fremste akademikaren i Oxford på den tida. Med hjelp frå Jowett blei Pen sine kunnskapar om gresk og latin utvikla til den forventa standarden, men Jowett var nøydd til å fortelja Browning at sonen hans ikkje hadde høg nok standard i engelsk. Ettersom Balliol var for krevande for Pen, gjekk han til Christ Church, Oxford, der han sette stor pris på den sportlege sida av collegelivet: han like symjing, roing, fekting, riding og boksing. Han hadde derimot ikkje like stor glede av dei akademisk studia, og gjekk ut utan å ta ein grad.[5] Etter oppmuntring frå ein venn av Robert Browning, målaren John Everett Millais, og studerte måleri og skulptur i Antwerpen og Paris. Blant lærarane hans var Auguste Rodin;[3] blant medstudentane var den amerikanske målaren John Singer Sargent.[5]

Vaksenliv endre

 
Portrett av Robert Browning måla av Pen Browning i 1882.
 
Before a Mirror (1887).

Som målar var Browning dyktig, men valet hans om å særleg måla frodige kvinner nakne førte ikkje til mange sal i viktorianske England.[3] Trass dette fekk han ein del framgang, dels på grunn av at faren sin innsats med å promotera verka hans.[6] Han hadde utstillingar ved Royal Academy, Grosvenor Gallery, Parissalongen og Brusselsalongen.[4]

I oktober 1887 gifta han seg med ein amerikansk arving, Fannie Coddington (1853–1935). Dei kjøpte og restaurerte Ca' Rezzonico, eit av dei store palassa ved Canal Grande i Venezia.[6] Utan å måtta få inntekter frå måleria sine heldt Browning fram med å måla for si eiga glede resten av livet, til han blei hindra av svekka syn.[3] I oktober 1889 vitja Robert Browning sonen og svigerdottera i Ca' Rezzonico, og var særs imponert over restaurasjonsarbeidet, som han meinte Pen hadde gjort til ære for mor si.[5] Under dette opphaldet blei Robert sjuk, og døydde der i desember 1889.[6] Browning og Fannie tok vare på dei som var avhengige av Robert, inkludert systera hans Sarianna og gamle tenarar for familien, som kom for å bo hjå dei i Venezia.[6]

Pen og Fannie, som ikkje hadde barn, dreiv gradvis frå kvarandre, sjølv om dei aldri skilde seg.[6] Ekteskapet deira blei ikkje hjelpt av det rykte om sambandet mellom Browning og ei vakker blond italiensk kvinne, Ginevra, som var hushaldar i Ca' Rezzonico, og modell for måleria til Browning. Fannie forlet han til slutt. Dei gjorde eit forsøk på å gjenoppretta ekteskapet sitt, men det var kortvarig. Browning selde Ca' Rezzonico i 1906, og budde deretter i to heimar i Italia, Torre all' Antella, nær Firenze, og Asolo, ein stad som var nært knytt til far hans, som sette diktet sitt «Pippa Passes» der og skreiv den siste boka sin, Asolando, medan han budde der.[5] I mai 1912 blei ei gate i Asolo kalla Via Browning til ære for hundreårsdagen til faren, og Pen Browning, som var sjuk, gjekk ut av sengeleiet for å delta i feiringane. Det var den siste gongen han opptredde offentleg.

Den 8. juli 1912 døydde han av hjartestans, 63 år gammal. Han fekk ei storslått gravferd og blei gravlagd i Asolo. Ti år seinare fekk Fannie leivningane hans flytta til Firenze.[6] Browning døydde utan testamente, og samlinga av manuskript og minnesmaterial frå foreldra hans som han hadde bygd opp gjennom mange år, blei auksjonert bort og spreidd. Kort tid etter fekk dr. A.J. Armstrong, ein professor i engelsk ved Baylor Universitet i USA, ei liste over gjenstandane som var selde og kjøparane av dei, og han prøvde å samla dei inn att gjennom donasjonar eller kjøp. Samlinga til Armstrong var grunnlaget for Baylor si Browning-samling, som no held til i Armstrong Browning Library ved campusen i Baylor.[3]

Kjelder endre

  1. Sanders, s. 432
  2. Letter from Elizabeth Barrett Browning to her sister-in-law, Sarianna Browning, 2. mai 1849, sitert ved Armstrong Browning Library, Baylor University, vitja 12. september 2011
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Armstrong Browning Library, Baylor University, vitja 22. mai 2010
  4. 4,0 4,1 Reese, Gertrude, "Robert Browning and His Son ", PMLA, Vol. 61, No. 3 (September 1946), s. 784–803
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Nekrolog i The Times, 9. juli 1912, s. 11
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Ryals, Clyde de L. "Browning, Robert (1812–1889)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, September 2004; online edition, Mai 2006, vitja 24. mai 2010 (requires subscription)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Robert Barrett Browning