Robert Fayrfax

britisk komponist

Robert Fayrfax (23. april 146424. oktober 1521) var ein engelsk komponist i renessansen, rekna for å vere den viktigaste under regjeringstidene til kong Henrik VII og Henrik VIII av England.

Robert Fayrfax
Fødd23. april 1464
FødestadDeeping Gate i Lincolnshire i England
Død24. oktober 1521 (57 år)
DødsstadSt. Albans i England
OpphavKongeriket England
SjangerRenessansemusikk

Biografi endre

Han vart fødd i Deeping Gate i Lincolnshire.[1] Han fekk støtte av den leiande kulturpersonen i hoffet til kong Henrik VII, mora til kongen, Lady Margaret Beaufort (1443-1509).[2] Han vart ein gentleman i Chapel Royal den 6. desember 1497.[3] Han fekk ei hoffstilling i Free Chapel ved Snodhill Castle, ei stilling som eit år seinare vart gjeven til Robert Cowper, ein annan gentleman. Han skal så ha vorte organist i St Albans Abbey frå 1498 til 1502.[3] Fayrfax tok Mus.B. frå Cambridge i 1501 og ein doktorgrad i 1504;[4] han fekk seinare ei doktorgrad til frå Oxford (ved innlemming) i 1511.[3] Han vart medlem av brorskapet St Nicholas i 1502. På byrjinga av regjeringstida til Henrik VIII i 1509 fekk Fayrfax livrente i ein gard i Hampshire og han vart seinare 'Poor Knight of Windsor' (med ei livstidsløn på tolv pennies dagen) den 10. september 1514.[5] Han hadde òg to religiøse yrke, som han begge slutta i.[5] Han fekk betalt for klede av staten og for opplæring av korgutar.[5] Frå 1516 og dei fire neste åra presenterte han komposisjonane sine for kongen og fekk god løn for dette.[5] I 1520 leia han Chapel Royal i statsbesøkt til Frankrike med Field of the Cloth of Gold. Han døydde i 1521, truleg ved St. Albans der han vart gravlagd.[1]

Verk og påverknad endre

Av dei overlevande verka hans finst seks messer, to magnificatar, tretten motettar, ni fleirstemmige songar og to instrumentalstykke.[5] Messene hans omfatta «oppgåva» for doktoravhandlinga, messa Oh quam glorifica.[3] Ei av messene, Regali ex progenie vart kopiert ved King's College Cambridge og tre (Salve regina, Regali Magnificat og den uferdige Ave lumen gratiae) finst i Eton Choirbook.[3] Ei av messene, O bone Jesu, bestilt av Lady Margaret Beaufort, vert rekna som den første parodimessa.[5]

Han har vorte skildra som «den leiande personen i den musikalske verksemda i sine dagar»[3] og «den mest beundra komponisten i sin generasjon».[6] Verka hans påverka mange seinare komponistar, som John Taverner (1490–1545) og Thomas Tallis (1505–85).[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 D. M. Randel, The Harvard Biographical Dictionary of Music (Cambridge MA, Harvard University Press, 1996), s. 262.
  2. J. Haar, European music, 1520-1640 (Woodbridge: Boydell, 2006), s. 490.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 J. Caldwell, The Oxford History of English Music vol. 1 (Oxford: Oxford University Press, 1998), s. 210.
  4. Fairfax, Robert i Venn, J. & J. A., Alumni Cantabrigienses, Cambridge University Press, 10 bind, 1922–1958.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 D. M. Greene, Greene's Biographical Encyclopedia of Composers (Reproducing Piano Roll Fnd., 1985), s. 25.
  6. H. Benham, John Taverner: His Life and Music (Aldershot: Ashgate, 2003), s. 66.

Bakgrunnsstoff endre